GLADE FOR TILTAKET TIL ÅRDAL KVINNE- OG FAMILIELAG: Elias Trollebø og Tomine Jevnaker synest det er veldig hyggjeleg når kvinnene frå Årdal kvinne- og familielag byd på lunsj. Trollebø åt ikkje berre frukt og gulrot, han sat eigentleg på ein annan plass.
GLADE FOR TILTAKET TIL ÅRDAL KVINNE- OG FAMILIELAG: Elias Trollebø og Tomine Jevnaker synest det er veldig hyggjeleg når kvinnene frå Årdal kvinne- og familielag byd på lunsj. Trollebø åt ikkje berre frukt og gulrot, han sat eigentleg på ein annan plass. (Foto: Snorre Sandemose)

– Når dei arrangerer felles skulelunsj for oss, legg me ned mobilane våre og snakkar saman

Elevane synest det er kjekkast å eta sunn mat, og hyggjeleg å samlast alle klassetrinna på ungdomsskulen og eta i fellesskap.

Årdal: – Me går og pratar om denne skulelunsjen nokre dagar i førevegen. «På torsdag får me mat, og me slepp å ta med niste», seier me. Me gledar oss til det, seier Tomine Jevnaker.

– Det beste med desse felles skulelunsjane er at det er sosialt, seier Elias Trollebø.

Jevnaker og Trollebø er to av ungdomsskuleelevane på Farnes skule som nyt godt av at Årdal kvinne- og familielag byd på skulelunsj innimellom. Torsdag ordna igjen kvinnelaget med skulelunsj for alle ungdomsskuleelevane på Farnes skule. 

Stundom arrangerer dei lunsj på Farnes skule, og stundom på Årdalstangen skule. 

SET PRIS PÅ DET: – Eg trur dei ser at det er veldig fint og sosialt, at alle kjem til måltidet, og at me set veldig stor pris på det, seier Tomine Jevnaker.  Bilde: Snorre Sandemose

– Me set veldig pris på at dei gjer det for oss, seier Trollebø.  

Det vert eit anna samhold blant elevane under skulelunsjen

Tomine Jevnaker forklarar at sidan det er koselegare å eta saman heile ungdomsskulen frå eit felles kaldtbord, so ynskjer ein ikkje å vera på mobilen.  

– Vanlegvis sit folk på telefonen og et i stilla. Her legg me ned mobilen og snakkar i lag. 

I tillegg synest både Jevnaker og Trollebø at det er kjekt at heile ungdomsskulen er samla i matstunda. 

– Dei fleste sit jo kvar for seg og et i små gjengar, men her samlast alle klassetrinna og et saman, og me er saman med andre enn til vanleg, seier Jevnaker. 

Kvinne- og familielaget synest det er veldig hyggjeleg, og det er òg ein politisk dimensjon

Porten.no spurde Oddbjørg Veum om kvifor dei er so venlege å arrangera slik skulelunsj på skulen. Veum fortel at moderorganisasjonen deira, Norges kvinne- og familieforbund, i alle år har jobba for at skulelunsj skal verta vedteke av Stortinget. 

Årdal kvinne- og familielag er samde med moderorganisasjonen sin i det. 

– Me veit ikkje når me får dette inn som ein nasjonal politikk, difor synest me det er veldig kjekt å ordna med skulelunsj i blant. Og me ser at det er eit behov. 

DEI FEM FRÅ FAMILIELAGET SOM HADDE ANSVARET DENNE GONGEN: F.v. Bente Otterdal, Oddbjørg Veum, Oddveig Indrebø, Ida Thune og Åse Thune.  Bilde:Snorre Sandemose

Veum fortel at dei gjerne ville ha arrangert slike skulelunsjar endå oftare, om dei hadde hatt økonomi til det. 

– Kvifor er det viktig med skulelunsj?

– Når me i kvinne- og familielaget sel lodd, ser me iblant at ungdomane går på butikken i skulefri og kjøper seg mat som ikkje er noko sunn.

Ho seier nokre er flinke og et sunn mat som dei har teke med seg, men ikkje alle. 

– Det er veldig viktig at elevane får seg eit skikkeleg måltid i løpet av skuledagen. Det verkar òg inn på læringsevna deira i skuletimane.  

Veum seier so at det gjev Årdal kvinne- og familielag mykje å arrangera desse skulelunsjane, og at dei vert glade av å sjå elevane i godt humør. 

KVINNE- OG FAMILIELAGET SYNEST DET ER VELDIG HYGGJELEG: – Me ser at dei vert samla, at dei et godt og har det kjekt. Det er koseleg. Dei er so blide, og det er hyggjeleg å vera der, seier Oddbjørg Veum.  Foto:  Snorre Sandemose

Les også: – Ein stor takk til kvinne- og familielaget som stiller opp. 
Les også: Spleiselag for å syna gamle filmar

Kjekt når maten ligg på fat og ikkje i matpakke

Elias Øvrebø seier han skulle ynskje det var slik skulelunsj endå oftare, og Tomine Jevnaker er samd med han i det. Dei seier seg samde med Oddbjørg Veum i at det er viktig å eta sunn mat under skuledagen. 

– Her er det frukt flott dandert på fat. Det er kjekkare og meir innbydande å eta når det ser fint ut. Om sunn mat er laga bra til slik, so er det alltid betre på smak enn den usunne maten, seier Jevnaker. 

Til toppen