Aurland: - Viss det oppstår akutte problem så ein må inn i sauen og rette opp lam; akkurat det er eg litt redd for. For det har eg ikkje gjort før, seier Sigurd Vassenden.
Han går Vg3 på Sogn jord- og hagebruksskule og gjer seg klar for ei natt med lammevakt i sauefjøsen.
- For Vg2-elevane er lammevakt obligatorisk, men av ein eller annan grunn har me med ei Vg3-elev her no i natt - for dei er dette valfritt, seier fjøsmeister Even Hov.
Gir elevane ansvaret
Me skal koma attende til desse grunnane. Men først dette med komplikasjonar; kva om lammet til dømes kjem ut feil veg?
- Viss dei kjem med bakenden først har de ikkje tid til å venta på oss. Då må ein av dykk ta tak i søya og den andre få lammet ut. Reinska det for slim rundt munnen, opp etter bakføtene og rista skikkeleg, seier Hov.
Sigurd Vassenden og Vg2-elev Elisabeth Fagerland følgjer nøye med på fjøsmeisteren sine ord. Det er trass alt snakk om liv eller død.
- Me gir elevane ansvaret, men dei har jo konstant bakvakt, forklarar Hov.
Som tyder at elevane kan ringja til ein av lærarane om det skulle oppstå problem i løpet av kvelden eller natta.
- Det skal vera låg terskel å ringa til dei, seier Vassenden
- Eg har høyrt at dei er hyggjelege sjølv om ein ringjer til dei klokka tre om natta, fortel Fagerland.
Artikkelen held fram under biletet

Må opp kvar time og sjå etter
Elevane fortel dei har fått litt erfaring med dyrefødslar etter kvart:
- Det har vore både kalving og kjeing som me har vore med på tidlegare i år. Men kjea ploppar jo berre ut, medan det her er større sjanse for at komplikasjonar oppstår her under lamminga. Så det er under lamminga me føler størst ansvar, seier Fagerland.
Instruksen er klar, dei må sjekka kvar time.
- Me overnattar gjerne i høyet her inne, seier Vassenden og opnar døra til høyrommet vegg-i-vegg.
- Ikkje alle elevane gjer det. Men sidan ein må opp og sjekka ei gong i timen, så er det greitt å vera i nærleiken, seier Fagerland.
Artikkelen held fram under biletet

Nyfødde trillingar
Kvar kveld og natt i halvannan veke har elevane gått lammevakt, og no er det på tampen av lamminga. Ei søye har nett fått trillingar, ei annan står og skrapar i bakken i nabogarden - openbart lammesjuk.
- Ho der må de passa på, ho kjem når som helst, seier Hov.
Kopplam har det vorte også; lam nummer 7006 spring mellom føtene på fjøsmeisteren og elevane i håp om å få litt meir flaske.
- Det er skikkeleg fint å få vera med på dette - og å få så mykje ansvar, seier Vassenden.
Ja - så var det kanskje eit lite tilleggsmotiv for at Vg3-eleven tok lammevakt i år også.
- Det var koselege å vera med på i fjor. Og kanskje på grunn av Elisabeth.