STENGER: Eurosko i Årdal stenger dørene etter 70 år.
STENGER: Eurosko i Årdal stenger dørene etter 70 år. (Foto: Synne Asheim Haga/Arkiv)

MEININGAR

– Når opphørsalget startar, er det nok mange av oss som brått oppdagar at me hadde Eurosko i Årdal

Det skriv Bjørn Årebru frå Årdal i dette lesarinnlegget.

Årdal: EG OG DU. Nettopp! Eg og du. Ikkje Øvre-Tangen-Tangen-Øvre, men Årdal. Årdal kommune = EG OG DU.

Det er berre eg og du som bestemmer kva me vil ha att av butikkar i Årdal. Ikkje politikarane! Ikkje Årdal utvikling!

På Årdalstangen er det snart berre daglegvarebutikkar att. I Øvre forsvinn den eine butikken etter den andre. Den siste er Eurosko.

Dette gjer at eg og du sakte og sikkert sagar av den greina me sit på.

Bjørn Årebru

Eg og du kan skryta av at me er på topp i netthandel. Me kjøper varer som me kunne kjøpt i Årdal. Eg og du reiser til andre kommunar og handlar den same vara som me har i Årdal. Dette gjer at eg og du sakte og sikkert sagar av den greina me sit på.

Viss ikkje eg og du VIL snu denne utviklinga, så er spørsmålet: Kva vil skje med dei kommunale tenestene?

Her skal me leva, og her skal me bu, difor må eg og du byrja å bry oss. Setta pris på den kommunen me bur i. Vera lojale og stolte av det me har i Årdal.

Det er berre EG OG DU som kan snu den negative trenden.

Til toppen