HUMOR: Reisebloggar Lisa Stentvedt bak bloggen Fjords and beaches har fått høyra mykje artig som reiselivsarbeidar i Flåm.
HUMOR: Reisebloggar Lisa Stentvedt bak bloggen Fjords and beaches har fått høyra mykje artig som reiselivsarbeidar i Flåm. (Foto: Privat)

MEININGAR

«-Når skrur de av fossane?» og ni andre gullkorn eg fekk høyra i turistbransjen

Når du veks opp i eit av Noreg største reisemål lærer du eit par ting om turistar og deira tankar om Noreg, skriv reisebloggar Lisa Stentvedt.

Når du veks opp i ein av Norges største reisemål lærer du eit par ting om turistar og deira tankar om Norge. Dei fleste er einige i at landet vårt er svært vakkert, og dei kan nesten ikkje tru kor vakkert landskapet er. Diverre er det nokre turistar som besøker Norge utan å gjere noko research om landet på førehand, og det er tydeleg.

Sidan me var 15 år (eller yngre) har eg og vennene mine hatt sommarjobbar i turistbransjen, anten me har servert mat og is, selt billettar, jobba i butikk eller stått i resepsjonen bak nokre av hotella i Flåm. Gjennom åra har me høyrt mykje rart. Stol på meg.

Spørsmåla under er faktiske spørsmål me har fått av turistar i Norge gjennom åra, og dei er litt for latterlege til å ikkje dele. Eg gjentek. Dette er spørsmål turistar har spurd om på alvor.

Merk dykk at eg aldeles ikkje har noko i mot turistar som kjem til Norge, men kan irritere meg over tanken på at dei kjem til dette vakre landet utan å lese seg opp om noko på førehand i det heile.

#1 – Tømmer de fjorden om vinteren?

Heilt seriøst. Fjordane er heilt naturlege, og til mange si overrasking er dei der heile året.

#2 – Korleis fekk de skipet inn hit?

Dette spørsmålet vart etterfølgt av «Vart det bygd på fjorden?»

Spoiler: skipet segla inn.

#3 – Kor er fjorden?

Dette er ikkje eit gale spørsmål å spørje om du er på veg frå innlandet for å sjå fjord-Norge. Men ho som spurde meg om dette stod på kaia i Flåm. Rett ved fjorden. Eg berre peikte på vatnet..

#4 – Kva er dei kvite stripene på fjellet?

Det var faktisk ei venninne av meg som spurde om dette då ho såg norske fossar for første gong. Frå Aurlandsvangen kan jo dei flotte fossane på andre sida av fjorden sjå ut som vertikale, kvite striper, so eg forstår ho litt. Men eg lo fortsatt godt.

#5 – Kan me gå dit og fortsatt rekke tilbake til skipet?

Ni av ti gonger kom dette spørsmålet i forbindelse med ein attraksjon som berre kan nåast med buss, båt eller tog. Som Myrdal (Flåmsbana tek om lag ein time, det vil ta rundt 8 timer å gå, og du kan ikkje køyre dit i leigebilen din). Ni av ti gonger er svaret nei.

#6 – Kva gjer de her om vinteren?

Dette spørsmålet vart stilt på ein svært nedlatande måte, av ei kvinne som var sjokkert over kor små bygdene ved fjorden var. Ein del av meg var freista til å sei at me går i dvale.

#7 – Kor høgt over havoverflata er me?

Eg ler fortsatt når eg tenker på denne. Nokon stilte dette spørsmålet til guiden vår på ein FjordSafari-tur. Eg gjentek, me var om bord i ein båt på fjorden! Eg hugsar fortsatt det sjokkerte uttrykket til guiden, som gjorde ein fantastisk jobb i å forklare at fjorden er tilknytt havet.

#8 – Når skrur de av fossane?

Tanken på at fjordane og landskapet rundt er ekte er tydeligvis svært vanskelig å forstå.

#9 – Bur de verkeleg her??

Denne har eg ikkje tenkt til å svare på. Les gjerne om korleis du kan vera turist i Norge.

#10 – Kva er ein fjord, eigentleg?

Dette spørsmålet er ikkje so latterleg som dei andre, og det er flott å sjå at folk er ivrige etter å lære. Men det er sjokkerande å sjå kor mange som faktisk REISER TIL FJORDANE PÅ FERIE utan å vite kva ein fjord er. Kvifor trur du at du er her? Kva kom du for å sjå? Det er ikkje verre enn eit raskt Google-søk for å finne ut av det.

Bonus-spørsmål: – Var du ein tenar?

Dette spørsmålet kjem som ein bonus, for eg vart ikkje spurt det i Norge. Dette kom då eg jobba som Cultural Representative for Norge i Disney World, Florida. Ein mann reagerte på at eg snakka so bra engelsk, og tenkte at dette ikkje kunne ha noko med det gode skulesystemet i Norge å gjere (eller det faktum at eg har budd i utlandet i fleire år). Samtalen gjekk omtrent slik:

Amerikansk mann: – Du snakker veldig bra engelsk!
Meg: – Tusen takk.
Amerikansk mann: ...
Meg: ...
Amerikansk mann: – Var du ein tenar?
Alle rundt oss: .....

Eg hugsar ikkje ein gong kva eg svarte til dette, då eg var so sjokkert over spørsmålet. Naturligvis var det ein snill amerikansk familie som tok meg inn som tenar for å læra meg engelsk..

Der har du nokre av dei mest latterlige (og dumme) spørsmåla som har blitt stilt ved Aurlandsfjorden, og eg håper du fekk deg ein god latter!

Til toppen