REDNING I ROCKEN: Eirik Sognnes' nye låt «Du og Eg» handlar om to taparar som finn saman og redninga i rocken. Foto: Pressefoto.
REDNING I ROCKEN: Eirik Sognnes' nye låt «Du og Eg» handlar om to taparar som finn saman og redninga i rocken. Foto: Pressefoto.

Når to taparar finn redninga i rocken

Det handlar den nye låten til Eirik Sognnes om. 28. april kjem den andre songen i singelkonseptet «Heim».

Lærdal: I denne låten, som har fått namnet «Du og Eg», blandar lærdølen saman gladrock, nostalgi og refleksjon. I låten finn to «taparar» saman og finn redninga i rocken.

– Eg ønskte skriva ein låt som hylla venskapet, galskapen, latteren, draumane, trøysta, sorga og tryggleiken eg har delt med gutane i nabolaget i oppveksten, seier den unge lærdølen om den nye låten som kjem i slutten av månaden.

TAPAR OG VINNAR: Kven blir vinnarar og taparar? spør Eirik Sognnes i den nye låten sin.
TAPAR OG VINNAR: Kven blir vinnarar og taparar? spør Eirik Sognnes i den nye låten sin.

– Eg ville at låta skulle høyrast naiv nok ut til at den kunne vore skrive av meg og min besteven på ungdomsskulen, samtidig som at låta ser tilbake på denne tida med vaksne auge.

Stiller spørsmål ved verdiar

Sognnes kjem frå Lærdal og jobbar hardt med musikken. Lærdølen skriv ærleg, usminka viserock som famnar om tema som det ofte er vanskeleg å snakke om. Trass alvoret, er låtane ofte rytmiske og melodieøse.

I år er han aktuell med eit singelkonsept som har fått namnet «Heim». I februar kom den første songen i konseptet «Fri meg». No stiller Sognnes spørsmål kring nabolaget og heimen ein veks opp i, og om det set grenser for kor store draumar ein bør ha.

– Mange er ikkje vinnarar eller taparar før dei byrjar i skulen, men der startar utsilinga, meiner han og spør:

– Kva verdiar er det me verdset? Kven vil «vinnarar» og kven blir «taparar»? «Du og Eg» er ein hyllest til dei altoppslukande draumane og redninga mange av oss finn i musikken - i rocken.

Songen er spelt inn i Broen Studio i Bergen og er produsert av Sognnes sjølv saman med Jens Kristian Mørkeby Rimau, som også står for miks. Iver Sandøy har mastra, og låta blir gitt ut på FrontRow Records.

Til toppen