Lærdal: – Breiband er ein viktig føresetnad for både næringsutvikling og busetnad. Tilgang til høghastigheitsbreiband blir viktigare og viktigare og er eitt av fleire grunnleggjande verkemiddel for å nå måla våre om nye arbeidsplassar og vekst i folketalet, seier Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling i ei pressemelding.
Politikarane opna lommeboka

Utbygging i Erdal har vore sterkt ønska, men ingen leverandørar melde seg i første runde. Summen i utlysinga var ikkje stor nok til at nokon ville ta på seg å byggja ut i dette området.
Etter dialog med fleire leverandørar kom Lærdal næringsutvikling til at det mangla ein million for å få til ein avtale. Denne millionen har formannskapet i Lærdal no vedteke å løyva. Grunnlaget er dermed på plass for å starta nye forhandlingar.
Løyvinga frå Lærdal kommune skal òg gå med til å dekka eigendel til ei mobilutbygging i Erdal.
– Dei som bur i Erdal har venta lenge på ei avklaring om utbygging av breiband og mobil. Det er difor ekstra gledeleg å få dette på plass no og kunne gje det som ei julegåve til innbyggjarane, seier Tokvam.
Lærdal snart fullt utbygd
Fiberutbygginga på strekninga Sjurhaugen-Maristova står ferdig i februar 2018. Heller ikkje Strendene, mellom Bermål og Åretun, har eit tilbod i dag. Her vil Sognenett, med tilskot frå Lærdal kommune, no byggja ut breiband til fem kundar som ynskjer dette.
Når desse og Erdal er bygde ut, så vil alle innbyggjarane i Lærdal ha fått tilbod om breiband via fiber.
– Sjølv med eit ekstra tilskot på ein million kroner frå Lærdal kommune, så har breibandsutbygginga i Lærdal skjedd med ein stor andel tilskot og med ein høvesvis liten eigendel, skriv næringsselskapet til kommunen i pressemeldinga.