Når veslesystera er mobbeoffer

Når veslesystera er mobbeoffer

Det er ikkje enkelt å stå på sidelinja når nokon du har kjær vert mobba. No fortel Paloma Farlora korleis ho opplevde det når veslesystera vart mobba og ingen tok tak.

– Måten Lærdalsøyri skule handterer mobbesaker på, er til å le av. Dei har flotte planar på korleis mobbinga skal handterast, men dette er berre på papiret. I røynda skjer det ingenting.

21 år gamle Paloma Farlora var i fleire år vitne til korleis Lærdalsøyri skule prøvde å bagatellisere det faktumet at veslesystera hennar vart mobba kvar dag. I dag har veslesystera det mykje betre, men ein ting er dei sikre på.

–  Me kjem aldri til å flytte attende til Lærdal.

Ei vanskeleg tid

Paloma Farlora skjønte ikkje heilt kva som skjedde når veslesystera hennar, Iris Farlora, tok til å endre seg. Den vesle jenta, som tidlegare hadde vore konstant blid og utadvendt, vart med tida veldig stille og inneslutta.

Det var ikkje før Paloma og familien oppdaga at Iris dreiv med sjølvskading, at dei fekk ho til å fortelje familien kva ho gjekk gjennom. Det var ikkje før dette at Paloma skjønte kva som gjekk føre seg. Situasjonen vart med eitt fortvilande for heile familien.

–  At ikkje eingong me som såg og var med ho skjønte kva som gjekk føre seg, seier litt om kor mykje Iris haldt inni seg. I dag får eg dårleg samvit når eg tenkjer attende på de, eg burde jo ha skjønt kva som gjekk føre seg.

Gav aldri opp

Allereie på barneskulen var veslesystera til Paloma mobba på grunn av den utanlandske bakgrunnen. Familien tok tidleg opp kampen mot mobbarane, for å sikre den vesle jenta ein trygg og god skulekvardag.

– Eg tykkjer det er heilt utruleg at det var mamma som måtte ta opp kampen. Mamma prøvde verkeleg å gjere noko med situasjonen. Ho tok kontakt med lærarar, rektor, den som mobba og foreldra til vedkommande, men ingenting hjelpte.

Då lærarane prøvde å ta tak i mobbinga, var den vesle jenta ikkje så liten lenger. Ho hadde på dette tidspunktet begynt på ungdomsskulen, og Paloma er utan tvil då ho seier at problemet vart teken tak i alt for seint.

Artikkelen held fram under biletet

STÅR SAMAN: Systrene Iris Farlora (19) og Paloma Farlora (20) vonar at fleire opnar augo kring skulemiljøet ved Lærdalsøyri skule.
STÅR SAMAN: Systrene Iris Farlora (19) og Paloma Farlora (20) vonar at fleire opnar augo kring skulemiljøet ved Lærdalsøyri skule.

Flytta til Bergen

Etter berre seks månadar på den vidaregåande skulen i Sogndal valde veslesystera til Paloma å avbryte skulegangen sin. Miljøet i Sogndal var på mange måtar likt det miljøet veslesystera ville kome seg vekk frå i Lærdal, og det vart for mykje for ho å måtte sjå mobbarane kvar dag på skulen.

Veslesystera bestemde seg difor for at ho berre måtte kome seg vekk frå Lærdal, og flytta difor til Bergen til ei eldre storesyster. Der fekk ho eit mykje betre liv, men Paloma fortel at mobbinga framleis påverkar veslesystera den dag i dag.

– Sjølv om ho har det betre no, merkar eg framleis at mobbinga påverkar ho. Situasjonar med mange menneske er vanskeleg for ho, og i møte med nye menneske vert ho fort usikker og tilbaketrekt.

Utfordrande miljø

Basert på desse erfaringane stille Paloma seg spørjande til kva oppdragelse enkelte born og unge får i heimen. Ho trur nemleg mange får med seg slike haldningar heimefrå.

Paloma etterlyser fleire som bryr seg og fleire lærarar på skulen som ikkje latar att augo for det dei ikkje likar å sjå. Ho meiner at det burde vere meir fokus på førebyggande arbeid og på å skape gode miljø.

Paloma føler at mobbinga ikkje vert teken seriøst, og at det difor er mykje som må gjerast.

– Eg vonar at fleire no innser kor grufullt miljøet i Lærdal og på Lærdalsøyri skule kan vere. Eg seier ikkje at alle opplever mobbing og at ingen har det godt der, men alle dei som ikkje har det heilt godt, vert ikkje høyrt.

Paloma vel no å stå opp mot mobbinga ved Lærdalsøyri skule, fordi ho tykkjer at skulen har alt for lite, og feil fokus kring mobbing. Også på sosiale medium har engasjementet kring mobbing auka, og Paloma vonar no at fleire opnar augo for korleis situasjonen eigentleg er.

 

Til toppen