I DET FRI: Det er her på dei ujamne vegane at V60 Cross Country verkeleg kjem til sin rett. (Foto: Jan Harry Svendsen)
I DET FRI: Det er her på dei ujamne vegane at V60 Cross Country verkeleg kjem til sin rett. (Foto: Jan Harry Svendsen)

Når XC90 blir for dyr

Akkurat 30.000 kroner kostar forvandlinga som gjer den asfaltelskande Volvo V40 til ein kapabel bil for dårlegare underlag.

Volvo var blant dei aller første til å gjere standardbilane meir dugande på dårleg veg. Sidan har mange følgt oppskrifta, og Volvo er også tru mot sin eigen idé. Blant dei underlegaste XC-utgåvene den siste tida er S60, som er sedanutgåva av bilen vi køyrer no, ein V60.

Både S60 Cross Country og V60 Cross Country er heva med 65 millimeter, samtidig som det utvendige designet er endra for å gi eit meir terrengmessig inntrykk.

Artikkelen held fram under biletet. 

HØGARE: Bakkeklaringa er auka med 65 millimeter til 20 centimeter. Standardbilen har ei bakkeklaring på 13,6 centimeter.
HØGARE: Bakkeklaringa er auka med 65 millimeter til 20 centimeter. Standardbilen har ei bakkeklaring på 13,6 centimeter.

Ikkje heilt premium

Volvo V60 er ein litt undervurdert bil i segmentet. Kanskje kjem av det at Volvo så gjerne vil at denne bilen skal hevde seg mot Audi A4, BMW 3-serie og Mercedes C-klasse. Det gjer han ikkje, men han er heller ikkje så langt bak hovudkonkurrentane. Dermed plasserer Volvoen seg i ein slags mellomposisjon, med premiumbilane på den eine sida og dei meir typiske familieutgåvene på den andre.

Det er ikkje nødvendigvis av det vonde – og bilen i seg sjølv er det definitivt ikkje noko gale med, sjølv om han etter kvart byrjar å merke tid og forvitring.

Artikkelen held fram under biletet. 

KVALITET: Fine materiale dominerer interiøret i bilen, men det er litt for mange knappar på midtkonsollen.
KVALITET: Fine materiale dominerer interiøret i bilen, men det er litt for mange knappar på midtkonsollen.

Høgare bakkeklaring

Trass i at V60 Cross Country svevar høgare over asfalten enn dei normale utgåvene av bilen, merkar ein lite til det ute på vegen. Med lengre fjører og ei bakkeklaring på ikkje mindre enn 20 centimeter – og dermed òg eit høgare tyngdepunkt – kan bilen nesten oppfattast som sportsleg.

Avslappa skrir han gjennom kurvene, og den kultiverte dieselmotoren med 190 hestekrefter heng òg godt med.

Det er likevel på langtur bilen verkeleg kjem til sin rett – og på dårlege vegar. Lange motorvegsetappar slukar han effektivt, sjølv om chassiset i visse situasjonar kan oppfattast som litt stivt. Det blir likevel langt på veg vege opp av dei gode seta, som gir ein overlegen langturskomfort.

På grusvegar og dårlege fylkesvegar er det òg lett å bli glad i den auka bakkeklaringa, samtidig som bilen blir lettare å komme seg inn og ut av. Samtidig forsvinn all uro om bakkeklaringa dei gongene ein må ut på verkeleg dårlege vegar – og det er ein undervurdert eigenskap.

Dieselknatring

Nokre kritikkpunkt er det likevel verdt å nemne. Bagasjerommet i V60-en er framleis ikkje av dei største i klassen, og forbruksauken frå 0,55 til 0,60 liter per mil er ein ikkje så gunstig bieffekt av høgare vekt og dårlegare luftmotstand.

Samtidig irriterer lyden frå motoren. Knatringa frå den to liter store rekkefiraren med 190 hestekrefter og 420 Nm i dreiemoment, blir i overkant påtrengande. Det er unødvendig i ein bil som siktar mot den absolutte toppen i segmentet.

Samtidig er det vel mykje knappar og brytarar på midtkonsollen. Heilt logisk blir det ikkje, sjølv om problemet blir mindre etter kvart som ein ven seg til kor knappane er plasserte.

Artikkelen held fram under biletet. 

KNAPT: Med eit volum på 430 liter er ikkje bagasjerommet på bilen blant dei største.
KNAPT: Med eit volum på 430 liter er ikkje bagasjerommet på bilen blant dei største.

Kostbart val

Volvo V60 Cross Country kostar 30.000 kroner meir enn ei standardutgåve med same utstyrsnivå og drivlinje. Det kan verke som ein stiv pris å betale for nokre lengre fjører og litt ny plast. Men om høgare bakkeklaring, litt betre oversikt og eit lettare inn- og utsteg er viktige faktorar, er det vel verd pengane.

Ein rimeleg bil er V60 Cross Country uansett ikkje. Testbilen har ein startpris på 560.900 kroner pluss utstyr for 140.400 kroner. Dermed blir sluttbeløpet 701.300 kroner.

Trøysta må vere at bilen òg blir levert i rimelegare versjonar. Vel du grunnmodellen, må du ut med 408.900 kroner – men da får du ein relativt varsamt utstyrt bil utan firehjulsdrift.

Tekniske data

Pris: 560.900,-

Motor: 4-syl diesel. Turbo. 1969 ccm. 190 hk v. 4000 o/min. 420 Nm v. 1500 o/min.

Aks 0-100: 8,9 sek

Toppfart: 205 km/t

Forbruk (oppgitt): 0,60 l/min (159 g/km)

Mål (LxBxH): 4638x1899x1545 mm

Akselavstand: 2774 mm

Eigenvekt: 1687 kg

Bagasjeplass: 430– 1241 (©NPK)liter

Til toppen