SKARP NASE: Odin lukta seg fram til hasjis i Sogndal.
SKARP NASE: Odin lukta seg fram til hasjis i Sogndal. (Foto: @hikingbullies)

Narkotikabeslag i Sogndal

Narkotikahunden Odin snuste seg torsdag fram til 200 gram hasj i Sogndal.

Sogndal: Etter mistanke om oppbevaring av narkotika hos ein person busett i Sogndal, gjennomførte politiet ei ransaking hos ein sikta mann kvelden den 14. februar.

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag.

Narkotikahunden Odin fann hasjen gøymt utandørs, rundt hundre meter frå den aktuelle bustaden. Den sikta nektar for å ha noko med narkotikaen å gjera. Beslaget vil bli undersøkt for eventuelle spor etter DNA og fingeravtrykk.

Politiet har oppretta sak. Utover det som står i pressemeldinga ønskjer dei ikkje å gje ytterlegare opplysingar.

Til toppen