Nasjonalparkfestivalen er blitt ei stifting

Nasjonalparkfestivalen er blitt ei stifting

Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» er no blitt ei stifting. 

Torsdag neste veka brakar det laust med Nasjonalparkfestivalen, som måndag blei ei stifting med eige styre.

– Det er heilt nytt av året, og festivalen er større enn nokon sinne. Festivalen har eksistert i 15 år, og no ønskjer me å etablera oss gjennom ei stifting for å få endå meir profesjonell styring og innhald etter kvart. Me har bra innhald i år, men no legg me meir trykk bak, seir Rigmor Solem, styreleiar. 

Eit fullspekka program der høgdepunktet sannsynlegvis er Eskil Rønningsbakken, som skal balansere på kanten av Vettisfossen, inneheld blant anna ulike seminar og konsert. 

LES OGSÅ: Han skal henge ut over kanten av Vettisfossen

Seriøst

Solem skildrar programmet som det spenstigaste så langt, og med stadig meir å gjera, var etableringa av ei stifting rette vegen å gå.

– Me fann ut at me trengte ei selskapsform, ei betre organisering for å nå måla, elles blir det litt tifeldig arbeid på ulike prosessar. For å få betre struktur på det, måtte me finna ei selskapsform, og så har det vore ein prosess der me fann ut at stifting var mest fornuftig. Såpass seriøst må det vera dersom me skal ha ambisjonar om nå måla og ikkje minst potensialet  som ligg i ein slik festival, seier Frank Eldegard. 

Han forklarar at målet er å få til ein festival som blir arrangert for mange fleire enn berre lokalbefolkninga slik at ein kan trekka folk og visa kva Årdal har å by på.

– Eg meiner festivalen ligg på eit veldig godt tidspunkt med tanke på sommarsesongen og høgsesongen. Det kan vera eit slags kick-off, der ein får vist fram Årdal som reiselivsbygd ut over regionen og nasjonalt, noko som er bra for handel og reiseliv, seier nestleiar i styret Kristoffer Nystedt. 

Nytta heile bygda

Bakgrunnen for Nasjonalparkfestivalen er knytta til den europeiske nasjonalparkdagen, som er 24. mai. Tanken var då, og er det framleis, å bruka heile bygda, frå fjord til fjell.

– Dei siste åra har me valt å tilføra uttrykket «Under Storen»  som omgrep. Årdal er alt mellom himmel og jord, mellom fjord og toppen av Storen. Og det er viktig å få fram at Årdal ligg ved foten av Store Skagadølstind og Hurrungane ved enden av Sognefjoren, og det er kolossalt med natur mellom, forklarar Solem.

I styret Erling Eggum ved Klingenberg Hotell, Kristoffer Nystedt ved Svalheim gard, Marit Høgheim for næringssamskipnaden, Erling Offerdag ved Årdal Utvikling, Ole Magnar Nundal ved stiftinga Utladalen Naturhus og Rigmor Solem ved Slingsby-stiftinga representert. 

Til toppen