STRÅLANDE KRITIKK: I år er det 30 år sidan Karl Seglem byrja som frilansmusikar, komponist og poet. Det vert markert med eit trippel albumutgjeving, som har har fått strålande tilbakemeldingar. Foto: Oddleiv Apneseth.
STRÅLANDE KRITIKK: I år er det 30 år sidan Karl Seglem byrja som frilansmusikar, komponist og poet. Det vert markert med eit trippel albumutgjeving, som har har fått strålande tilbakemeldingar. Foto: Oddleiv Apneseth. (Oddleiv Apneseth)

«Nasjonalskatten» Seglem feirer 30 år som musikar

I år er det 30 år sidan Karl Seglem byrja som frilansmusikar. Det markerer han med trippel albumutgjeving.

Årdal: Med saksofonen og bukkehorn som sine instrument har Seglem skapt eit unikt musikalsk uttrykk. I år er det 30 år sidan årdølen starta som frilansmusikar, komponist og poet. 

I løpet av desse åra har han produsert 33 album, spelt over 2000 rikskonsertar og har mange turnear bak seg både i Noreg og utlandet. Album nummer 31, 32 og 33 er samla under tittelen «JazzBukkBox». 

Denne utgjevinga hausta nyleg strålande kritikk i Aftenposten, der anmeldar Svein Andersen skildra Seglem som ein nasjonalskatt.

– Det er ein sjeldan velformulert og lang plateomtale, til Norge å vera, frå ein svært oppvakt musikklyttar, musikkelskar, som har fulgt meg og musikken min lenge.

– Då er det  ekstra overveldande, ekstra inspirerande, ekstra rørande, ekstra.... Fantastisk rett og slett, er kommentaren til Seglem.

«Ein sann original»

«Seglem er en sann original, en banebrytende komponist og utøver som har skapt sitt helt eget uttrykk. Han er enestående, og får nesten alltid strålende kritikker. Allikevel regnes det han gjør av mange som smalt. Så feil kan det bli. Det meste er svært melodiøst og gjør musikken lett tilgjengelig. Han burde heller vært tatt imot som en musikalsk nasjonalskatt.»

Slik lyder eit utdrag frå Andersen, som gjev albuma «Lærad», «Live In Germany» og «WorldJazz» terningkast seks. På heimesida til Seglem kan du lese meir om han. 

– Det kjekkaste er at han nesten får meg til å tru på at eit gjennomslag i det å nå ut til fleire ved å skriva dette.

Folkefinansieringsprosjekt

Men utgangspunktet til trippelutgjevinga er eigentleg ein heilt annan, fortel Seglem. 

– I utgangspunktet er boksen laga til folkefinansieringsprosjektet JazzBukk som er lansert på plattformen Pledgemusic. Det prosjektet går kort fortalt ut på at eg har fått folk til å støtta det ved å halda liv i to geitebukkar som heiter Buster og Jazz og held til «pao Kvaole» i Sogndal, i minimum fem år.

– Då vil horna vera store nok til å laga fine instrument av – mest sannsynleg. JazzBukkBox er forøvrig dedikert til bror min Erling, og prosjektet vart litt forlenga på grunn av interessa for platene. Det betyr at det er mogleg å støtta prosjektet ved å «pledge» JazzBukkBox nokre dagar til, seier han og viser til nettsida.

– Noreg er ikkje ein kulturnasjon

Dei tre albuma tar lyttaren med både bakover og framover i Seglems musikalske univers, og kanskje dette gjer at endå fleire, spesielt i Noreg, får augo opp for han, slik Svein Andersen meiner at folk burde.

Det er nemleg slik at årdølen skulle ønskt at han nådde ut til eit større publikum, men då må kulturen endra seg. Han dreg fram Tyskland som eit godt døme på korleis det burde vera fordi folk reiser på konsert sjølv om dei aldri har høyrt om han før. 

– Det er svært mange grunnar til det, og mitt mantra er at Noreg ikkje er nokon kulturnasjon. Me har ingen kultur for å gå ut på konsert - som dei har der.

– Det tek lang tid å byggja opp til dømes ein musikklubb, skapa eit publikum som vil gå ut for å høyra musikk. Eit publikum må lærast opp og alltid få servert kvalitet, det beste. Uansett sjanger. Det skjer i liten grad i Norge - iallfall utanfor dei store byane, meiner han.

Nysgjerrig 

Seglem deler synet til kritikaren om at fleire burde lytta til musikken hans. 

– Eg har i alle år sagt at for å oppdaga ny musikk må ein vera nysgjerrig og på leit –også som lyttar, og at musikken min krev noko av den som lyttar. Instrumentalmusikk er kanskje vanskelegare å komma inn i ved førstegangslytting, i motsetnad til den enorme mengda av tekstfokusert lyd som svirrar overalt, der musikken er underordna.

– Om du investerer i musikken min, kan du få mykje igjen. Det veit eg, men eg vil ikkje at det skal vera så enkelt alt. Det er ikkje dermed sagt at det ikkje er melodiøst, vakkert og drøymande, men det må jo vera kontrastar også. For å lika ein ting må det jo vera noko ein ikkje likar.

Til toppen