IDYLLISK: Natt til onsdag startar laksefisket i Lærdalselva, ei svært populær elv å fiske i, der ein er omringa av idyllisk natur. Foto: Jan Christian Jerving.
IDYLLISK: Natt til onsdag startar laksefisket i Lærdalselva, ei svært populær elv å fiske i, der ein er omringa av idyllisk natur. Foto: Jan Christian Jerving.

Natt til onsdag startar laksefisket i Lærdalselva

– Me er jo litt spente då, seier leiar i Lærdal Elveeigarlag Lasse Sælthun.

For dei som er glad i å fiska, er nok fiskeutstyret pussa og shina og klart til i kveld. Ved midnatt opnar nemleg laksefisket i Lærdalselva.

– Ho er spesiell og populær og etterspurt, seier Sælthun.

Etter at elva vart behandla for fiskeparasitten gyrodactylus salaris, betre kjend som gyro, i 2011 og 2012 er elva førebels gyrofri. Men det er ikkje før i 2017 ein eventuelt kan friskmelda elva.

Spennande

Uansett er det gode nyhende for Lærdal Elveeigarlag og ikkje minst alle som har planar som å fiska i elva. Sælthun seier dei er litt spente.

LES OGSÅ: Lærdal Elveeigarlag får tre millionar

– Ein får jo ikkje veta om det er ein bra inngang på starten før om eit døgn eller to. Det me veit er at det har hoppa fisk, og det er teke laks på prøvefiske, så det er laks i elva, men kor mykje veit ikkje. Det er det som er spennande, fortel han.

Vårflaum

I fjor hadde dei ei god registrering og ein god sesong. Allereie den første dagen vart det teke rundt 20 laks. Sælthun fortel at det har vore veldig med pågang av folk som vil fiska, men på grunn av ein sein sommar er det litt for tidleg å fiske i den øvste delen av elva.

– Ein sein vårflaum kan påverka litt. I eit seint år kan det bli seinare innsig, men no er me kommen til 9. juni, og me byrja 1. juni før. I fjor var sesongen tidleg.

– Ting kan tyda på at han blir litt seinare og at me får stor vassføring med milvêr. Det er mykje snø att i fjellet, og me kan få litt for mykje vatn i starten, men me får håpa det kjem i passelege mengder, seier leiaren.

Tre millionar til forskingsprosjekt

Føre veka fekk Elveeigarlaget tildelt tre millionar kroner til eit forskingsprosjekt som skal bidra til best mogleg lakseforvaltning og høgast mogleg verdiskaping frå framtidig sportsfiste.

– Dette er eit stort og omfattande merkeprosjekt, og me er glade for at me får pengar til eit slikt prosjekt, som me synest er spennande.

Kort fortalt handlar prosjektet om å bli kjend med fisken sitt vandringsmønster, kor mange som kjem tilbake i elva og kor mange fiskar som har blitt fanga fleire gonger til dømes.

– Hjå oss må ein sette ut at holaksen. Me kan slå ihjel hanlaks, men då må me slutta å fiska den dagen. I fjor vart 73 prosent av fisken som blei teken gjenutsett. Det som er poenget er at me skal ha catch and release, seier Sælthun.

Til toppen