SOMMARTID: Natt til søndag skal klokka stillast til sommartid. Illustrasjonsfoto
SOMMARTID: Natt til søndag skal klokka stillast til sommartid. Illustrasjonsfoto

Natt til søndag må du stille klokka

Endeleg går me inn i sommartid. Men var det fram eller tilbake klokka skal stillast?

Overgang til sommartid kan nok vera dårlege nyhende for b-menneske. Du må nemleg stille klokka ein time fram, frå normaltid til sommartid, frå klokka 2 til 3 natt til søndag 29. mars. 

Ein hugseregel er at når utemøblane skal fram, skal også klokka stillast ein time fram. 

Kvifor sommartid?

Benjamin Franklin var mannen som foreslo sommartid i eit essay frå 1784, men  sommartid vart først i 1910 vurdert på alvor. Sommartid vart ført innført i Austerrike og Tyskland i 1916, for å spare enegi under første verdskrig. Seinare på året, følgde Noreg og ei rekke europeriske land etter.

Også under andre verdskrig og på starten av 1960-talet kom sommartid att, men det var ikkje før frå 1980 at det vart fast sommartid i Noreg, skriv National Geographic Norge. Gjennom eit EU-direktiv frå 2001, skal alle EØS-landa stille klokka ein time fram siste søndag i mars og tilbake siste søndag i oktober. 

Omdiskutert

Tanken bak sommartid er å få betre utnytting av sommarmånandene, med lys ein ekstra time om kvelden og dermed minske energibruken. Det har nok hatt mindre betydning i dei industrialiserte landa i den seinare tid. 

I 2011 skreiv Framtida.no at stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) utfordra partifellar i og utanfor regjeringa om å utarbeide eit lovforslag som fjernar vintertida. Same året droppa Russland vintertida. Det er no 65 land att i verda som praktiserar å justere klokka etter årstida. Store delar av Søraust-Asia og Afrika praktiserar ikkje ordninga.  

Argument for å fjerne sommartida er at den forsyrrar med den menneskelege biorytmen. Ifølgje Framtida.no syner studie at fare for hjarteinfarkt og bilulykker er større like etter me stiller klokka fram om våren. 

Til toppen