Nattarbeid på Fodnes-Mannheller

Nattarbeid på Fodnes-Mannheller

Ferjesambandet blir stengt om natta dei neste to vekene.

Dei neste to vekene skal det utførast vedlikehaldsarbeid på ferjesambandet mellom Fodnes og Mannheller.

Arbeidet skal utførast på nattestid, og difor blir sambandet stengt i nokre timar om natta. I veke 18 er det ferjebrua på Fodnes som skal utbetrast, og veka etter er det på Mannheller-sida arbeidet skal føregå.

Statens vegvesen opplyser i perioden der arbeidet blir utført på Fodnes-sida, blir det avgangar frå Lærdal til Mannheller. Neste veka går avgangane frå Kaupanger til Fodnes.

Siste avgang frå Fodnes er 23.25, medan siste avgang frå Mannheller vil vera 23.05. Begge stengingane varar fram til 05.00. 

Meir informasjom om rutetider for ferjene i denne perioden finn du på trafikkmeldingane til Statens vegvesen.

Til toppen