POLITIET: Både i Sogndal og i Øvre Årdal måtte politiet rykke ut natt til søndag. Foto: arkiv
POLITIET: Både i Sogndal og i Øvre Årdal måtte politiet rykke ut natt til søndag. Foto: arkiv (Foto: Illustrasjon)

Nattebråk både i Øvre Årdal og Sogndal

Natt til søndag fekk politiet melding om to hendingar som skjedde i Sogndal og Øvre Årdal. 

Sogndal/ Øvre Årdal: Politiet melder på sin twitterkonto om ei hending som skjedde i Sogndal og ei hending i Øvre Årdal. 

Omkring klokka 01.30 gjekk ein berusa person rundt i Sogndal og yppa til bråk. Det var ein skjenkestad og nattugler som meldte om den berusa personen til politiet. Det vart gjort søk etter vedkommande utan resultat

I Øvre Årdal har politiet anmeldt ei kvinne i 30-åra for drikking på offentleg stad. Dette skjedde omkring 03.00 natt til søndag.  

Til toppen