Lærdal: I perioda 2022 til 2027 skal den no 20 år gamle Lærdalstunnelen oppgraderast for å møte nye sikkerheitskrav til tunnelar. Den vert ein av rundt 200 tunnelar på vestlandet som skal oppgraderast.
Som del av arbeidet har Vegvesenet bestemt seg for at tunnelen skal stengast for all trafikk mellom klokka 22:00 og 06:00 dei fyrste fire åra av arbeidet. Dette reagerer aktørar innan transportbransjen kraftig på.
– Dersom desse planane ikkje vert endra på, er et nok ikkje mykje att av Slinde Transport etter desse fire åra, seier dagleg leiar i Slinde Transport, Arne Slinde Ahlin i ein kommentar til NRK.
Selskapet til Arne har hovudkontoret sitt på Haabakken, rett ved opninga av tunnelen, og seier dei køyrer nesten alle bilane sine gjennom tunnelen på nattestid.
Vil helst unngå kolonnekøyring
Vegvesenet har valgt heilstenging framfor ei ordning med kolonnekøyring av fleire årsaker. Prosjektleiar for tunneloppgraderingane på vestlandet, Rune Sandven, seier hovudproblema er tid og kostnad.
– Vanlegvis køyrer ein denne tunnelen på 25-30 minutt. Ei kolonne vil neppe kunne halde meir enn 50 km/t. Då er du oppe i tre kvarter. Så skal det køyrast motsatt veg óg. Då går det for halvannan time for kvar kolonne. Alt dette vil gå utover effektiv arbeidstid for entrepenøren, seier Sandven til NRK.
Vegvesenet er bekymra for at dei ekstra timane som går med til ei eventuell kolonneordning vil kunne auke både kostnad og lengda for prosjektet, som allereie er estimert opp til 2,5 milliardar kroner.