OMFATTANDE ARBEID: Geiteryggtunnelen på Fv50 Hol - Aurland vil vera nattestengt i periodar fram til hausten. Foto: Cavernia/ Wikimedia Commons
OMFATTANDE ARBEID: Geiteryggtunnelen på Fv50 Hol - Aurland vil vera nattestengt i periodar fram til hausten. Foto: Cavernia/ Wikimedia Commons

Nattestengt over Hol - Aurland i lang tid framover

Geiteryggtunnelen på Fv50 Hol - Aurland vil vera nattestengt frå måndag til torsdag på grunn av vedlikehaldsarbeid. 

Statens vegvesen melder at Geiteryggtunnelen på Fv50 Hol - Aurland vil vera stengt i periodene måndag til torsdag frå klokka 20.00 til klokka 08.00 neste morgon. 

Det gjeld i periodane frå 20 april til 26. juni, og frå 3. august til 30. oktober.

Redusert hastigheit

I perioden mellom 26. juni og 3. august vil det vera opent for trafikk gjennom Geiteryggtunnelen på nattestid, men det vil vera vegarbeid i området. Arbeidet er merka med skilt og du må rekne med ventetid på kring ti minutt, fortel Tore Braaten, prosjektleiar i Statens vegvesen. 

I anleggsperioden vil høgaste hastigheit vera 40 km/t gjennom tunnelen. Det vil også vera arbeid utanfor tunnelen utover sommaren. 

Omfattande tryggingstiltak

Installasjonar frå 1985 og frå 1991 skal skiftast ut og Geiteryggtunnelen skal oppgraderast til dagens krav. Det gjeld mellom anna lys, naudtelefon og breibandssamband til naudsentralen. I tillegg skal det på plass kameraovervåking, slik at vegtrafikksentralen har god oversikt på kva som hender inne i tunnelen. Braaten forklarar at på kolonnekøyringsstrekker skal det vera spesielle krav. 

Når entreprenørane er ferdig står det att for Statens vegvesen å teste installasjonane. Statens vegvesen tek sikte på å godkjenne Geiteryggtunnelen før jul i 2015. 

Kort byggesesong på høgfjellet

– Grunnen til at me skal jobbe så intensivt i sommar er på grunn av at byggesesongen er kort 1160 moh og først i mai/juni startar det meste av jobben, fortel Braaten, som måndag kveld melder om full vinter på veg opp til Geiteryggtunnelen.

Til toppen