Aurland: Å vere miljøbevisst er noko som stadig får meir og meir fokus frå fleire hald. I fleire år har bedrifter kunne bli sertifisert som miljøfyrtårn. No kan også Vatnahalsen høgfjellshotell skilte med sertifikatet.
Dagleg leiar ved hotellet, Jannet Aksnes, seier dei har jobbe lenge for å få dette til og forklarar kvifor slik:
– Det har litt med kor me ligg. Det er veldig naturleg for oss å satse på dette. Me har mange utfordringar, som gjer at jobben med søppelhandtering er litt meir spesiell fordi me må sende alt søppelet med toget, fortel ho.
– Viktig at bedriftene er med
Alle som besøker Vatnahalsen er slik sett miljøbevisste sidan dei reiser med Flåmsbana. Sidan 1944 har toget vore elektrifisert.
– Flåmsbana er pionéren på det grøne skfitet. Allereie i 1944 var det eit faktum. Samstundes er det veldig viktig at alle bedrifter tek ansvar, seier ordførar Noralv Distad, som torsdag delte ut plaketten.
– Det set nok også gjestene stor pris på. De ligg midt i naturen, og me er veldig glad for at hotellet skal drivast vidare med Jannet i spissen.
Reint konkret inneberer det å vere miljøbevisst at hotellet må ha fokus på arbeidet. Dei sorterer søppelet og har kutta ut éingongsting som shampo og balsam.