NPK Tema: Alt som veks, treng næring. Enten kjøper du kjemisk næring på flaske – eller så brukar du næring frå kretsløpet i naturen. Går du får sistnemnde løysing, som er sunn og miljøvennleg, vil du finne mykje av det du treng i din eigen hage, i heimen – eller i din eigen kropp!
Når du klipper graset, lukar vekk brennesle eller trissar, produserer du masse bra næring. I staden for å kaste det vekk, eller spyle det ned i toalettet, kan du bruke det for å styrkje hagen.

Naturleg kretsløp
Ifølgje André Strömqvist er det mange fordelar ved å bruke organisk gjødsel i staden for kunstgjødsel i hagen.
– Næringsstoffa går rundt i eit naturleg kretsløp mellom dyr og menneske. Men når ein lager kunstgjødsel, brukast olje og andre ikkje-fornybare naturressursar, seier han.
Kunstgjødsel er lett tilgjengeleg for vekstane, men det inneber også at kjemikaliane lett lek ut av jorda og hamnar i innsjøar, vassdrag og hav. Dessutan tilfører ein tidlegare låste næringsstoff til kretsløpet – blant anna fosfor som vert vunne ut i gruver.
Gullvatn
Urin utspedd med vatn er gartnar André Strömqvists favoritt. Han kallar det «gullvatn».
– Vi pleier å ha ei vasskanne på badet som vi tømmer eit par gonger om dagen. Dersom ein heller litt vatn i ho, kan ein ha ho ståande i nokre timar med urin utan at det byrjar å lukte, tipsar han.
Før bruk sper du ut urinen med vatn – tommelfingerregelen er 1:10. Urinen inneheld stort sett dei same næringsstoffa som den flytande plantenæringa ein kjøper. Vatne fleirårige planter med gullvatn fram til midten av sommaren. Eittårige vekstar kan vatnast med gullvatn også på seinsommaren.
– Vi brukar det litt her og der i hagen, men ikkje i kjøkenhagen, av omsyn til gjester som synest det er ekkelt. Men ingenting er i vegen for å gjere det, berre ein sluttar ein knapp månad før innhausting, seier André Strömqvist.

Stallgjødsel
Stallgjødsel kan du hente gratis viss du bur i nærleiken av hestar eller kyr, viss ikkje kjøper du det i sekker. Det er utmerkt grunngjødsel som gir jorda ein god struktur – perfekt å blande inn når ein lagar kjøkenhage eller eit nytt bed.
– Dersom ein hentar fersk gjødsel, må ho komposterast, altså brytast ned av mikroorganismar, i minst eit halvt år før ho kan brukast. Viss ikkje tar planterøtene skade, seier André Strömqvist.

Hønsegjødsel
Hønsegjødsel kan kjøpast i pelletform og enten leggjast rett ut eller blandast med vatn. Det same kan gjerast med fersk hønsegjødsel – men husk at det kan lukte kraftig! André Strömqvist tipsar om å gjødsle med hønsegjødsel når det er venta regn.
– Hønsegjødsel er veldig sterkt, så følg doseringa på pakken. Eg brukar det som kompletteringsgjødsel gjennom sesongen.

Kompost
Ein hagekompost som for det meste består av visne vekstar, inneheld ikkje så mykje næring, og vert mest brukt til jordforbetring. Ein kjøkenkompost, derimot, er veldig næringsrik.
– Kjøkenkomposten kan bli kjempesterk, meir som gjødsel enn som jord. Den må blandast opp med vanleg jord. Treng du å setje fart på ein slumrande hagekompost, kan du tømme tissepotta i den, tipsar André Strömqvist.

Grasklipp
Samle opp grasklippet og legg eit lag på 5–10 centimeter rundt plantene eller mellom radene i kjøkenhagen. Det vert raskt brote ned ettersom det er ferskt og rikt på nitrogen. Men dropp grasklippet om du har brunsniglar – det skaper dessverre perfekte tilhaldsstader for skadedyra.
– Når eg har hausta inn aspargesen rundt jonsok, pleier eg å leggje eit lag grasklipp mellom plantene, både som næring og for å forhindre ugras, seier André Strömqvist.
Brenneslevatn
Fyll ei bøtte med brennesler og hell på vatn. La det stå ei veke og rør om iblant. Det stinkande suppa gir masse energi til plantene dine! Spe med ti delar vatn før du vatnar med dette.
– Eg brukar ikkje brenneslevatn så ofte, mest fordi eg ikkje rekk å springe rundt og plukke brennesler. Men eg pleier å lage ugrasvatn av anna slags ugras på same måte. Det er ikkje heilt like bra, men ugraset skal jo uansett bort, seier André Strömqvist.

Grøngjødsling
Jordforbetring handlar ikkje berre om å tilsetje – du kan også dyrke deg til ei betre jord! Enten med vekstar som tilfører næring, eller vekstar som løyser opp jorda. Begge typar bidrar med biologisk materiale.
– Eg grønngjødslar overflater som ikkje skal dyrkast opp på ei stund, for at ikkje ugraset skal få feste. Då eg hadde eit nytt dyrkingsområde med kompakt leirjord, dyrka eg solsikker, blodkløver og honningurt. Dei har ulike eigenskapar – og så blei det vakkert, seier André Strömqvist.

(©NPK)