POPULÆRT: Stisykling er ein aktivitet i stor framvekst i Sogn, noko som har ført til enkelte konfliktar med lokale grunneigarar. På Kaupanger kan det gå mot forbod etter at det er føreslått å opprette to naturreservat i området. Foto: Vegard Voll Bøyum/arkiv.
POPULÆRT: Stisykling er ein aktivitet i stor framvekst i Sogn, noko som har ført til enkelte konfliktar med lokale grunneigarar. På Kaupanger kan det gå mot forbod etter at det er føreslått å opprette to naturreservat i området. Foto: Vegard Voll Bøyum/arkiv. (Foto: Vegard Voll Bøyum)

Naturreservat kan stikke kjeppar i hjula for stisyklistane

Skogane rundt Kaupanger er kjent som eit eldorado for stisyklistar, hit kjem dei frå heile landet for å leike seg. Det kan det snart bli ein slutt på.

Kaupanger: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har føreslått å opprette to naturreservat på Kaupanger (sjå kart under). Til saman utgjer dei omlag 11,8 millionar kvadratmeter, eller tilsvarande 1653 fotballbaner.

I samband med opprettinga av naturreservata vil det bli laga reglar som regulerer bruken av området. Forslaget frå Fylkesmannen er mellom anna å forby sykling utanom regulerte vegar.

Prosessen vart starta i fjor sommar etter initiativ frå Nils Joachim Knagehjelm, eigar av Kaupanger Hovedgård, den nest største grunneigaren på Vestlandet. Det han ser på som hensynslaus framferd frå enkelte syklistar var ein viktig grunn til at han gjekk til det skrittet.

– Det pågår ei form for geriljaverksemd, der det blir rydda stiar og gjort inngrep i urørt natur. Det er ikkje bra, seier han.

– Det er viktig at folk som bur her får bruke naturen fritt. Men eg blir litt skremt når naturen på Kaupanger blir gjort til ei salsvare for alle moglege andre. Då blir han vekke. Det er ein av grunnane eg har valt å gjere dette, seier han.

Les også: Ski og sykkel trekkjer folk til Sogndal
Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

RÅKAR STISYKLISTANE: Her ser du omtrent kvar dei to naturreservata er føreslått oppretta. For meir detaljerte kart kan du sjå nedst i
RÅKAR STISYKLISTANE: Her ser du omtrent kvar dei to naturreservata er føreslått oppretta. For meir detaljerte kart kan du sjå nedst i

Sykkelmiljøet er mot forbod

Eit vern vil òg bety at Knagenhjelm som grunneigar ikkje får hogge sin eigen skog i dei områda. 

– Eg er utruleg glad i naturen på Kaupanger. Eg meiner dei områda er unike og ønskjer å ta vare på dei, seier han.

MOT FORBOD: Rickard Sundell i Sogn terrengsykling meiner det blir feil å stenge èi enkelt gruppe ute frå å bruke naturen på Kaupanger.
MOT FORBOD: Rickard Sundell i Sogn terrengsykling meiner det blir feil å stenge èi enkelt gruppe ute frå å bruke naturen på Kaupanger.

At det går mot eit forbod blir ikkje tatt godt imot i sykkelmiljøet.

– Generelt er me ikkje for at ein innfører forbod mot noko som helst. Eit forbod fører gjerne til meir forbod og det er ei utvikling me ikkje ønskjer å sjå. Vår haldning er at bruk er det beste vern og at stiar og ferdselsårer har godt av å bli brukte, seier Rickard Sundell, leiar i Sogn terrengsykkel.

Sogn terrengsykkel er ein interesseorganisasjon som jobbar for å fremme sporten, utan at det skjer på ein måte som skadar naturen. Sundell seier han er for vern av skogen og sjeldne artar, men er ikkje einig i at stisykling øydelegg for vernet.

– Meir effektivt å jobbe med haldningar

Han viser til at dei har jobba mykje for å få på plass ein lokal stietikette, i tillegg til stivettreglane (sjå faktaboks) som moderorganisasjonen har utarbeida.

– Det er meir effektivt å drive med haldningsskapande arbeid enn å innføre reglar. Det er ei kortsiktig løysing på noko som eigentleg ikkje er eit problem, nemleg at folk brukar skogen til å finne glede i fysisk aktivitet og naturopplevingar, seier Sundell.

Viss naturreservata blir oppretta med dei reglane som er føreslåtte betyr det at stisyklistane mistar tilgangen til sjølve indrefilèten av nedfartar i skogane på Kaupanger.

– Det vil vere veldig trist for regionen om noko som er såpass populært blir mindre tilgjengeleg. Vi synst ikkje dette er noko særleg. Eg er òg redd det vil føre til auka konfliktnivå, seier Sundell.

STIETIKETTE: Sogn terrengsykkel har lagra eigne reglar for å hindre unødig slitasje på stiane. Sykkeltransport med bil er uønska, det same er organiserte og kommersielle aktivitetar og marknadsføring av terrengsykling i området. Alle blir oppmoda om å vise omsyn til natur og dyreliv. Illustrasjon: Sogn terrengsykkel.
STIETIKETTE: Sogn terrengsykkel har lagra eigne reglar for å hindre unødig slitasje på stiane. Sykkeltransport med bil er uønska, det same er organiserte og kommersielle aktivitetar og marknadsføring av terrengsykling i området. Alle blir oppmoda om å vise omsyn til natur og dyreliv. Illustrasjon: Sogn terrengsykkel.

Ønskjer stopp for stibygging

Ei kartlegging frå Fylkesmannen stadfester at det eine av dei føreslåtte naturreservata har nasjonal verneverdi.

– Det er gjort grundige naturregistreringar i områda og det er funne mange rødlista artar og mykje gamal skog, seier seniorrådgjevar Tom Dybwad ved Miljøvernavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Knagenhjelm meiner han har prøvd å ha ein dialog med syklistane, men at det har vore utfordrande å få til. Mellom anna har han tilbudt å etablere fleire faste stiar for å unngå at trykket skal bli spreitt over store område.  

– Sjølv om du prøver å føre dialog med dei, så lagar dei nye stiar kvart år. Det ser eg på som ein trussel mot naturen, seier Knagenhjelm.

– At folk byggjer stiar på eige initiativ og utan avtale med grunneigar er ikkje bra. Det har skjedd og kjem sikkert til å skje igjen, men vi prøver så godt vi kan å unngå det, seier Sundell. 

Framlegga er på høyring fram til 22. juni. Då skal Fylkesmannen oppsummere innspela som har kome inn og gje ei tilråding til Miljødirektoratet, før Miljøverndepartementet gjer vedtek saka. Fordi det er eit frivillig vern kan grunneigar når som helst sette ned foten.

Til toppen