UTTAK AV JERV: Vil truga bestanden, ifølgje Naturvernforbundet. 
UTTAK AV JERV: Vil truga bestanden, ifølgje Naturvernforbundet.  (Foto: Statens Naturoppsyn)

Naturvernforbundet: – Jaktkvoten på jerv trugar bestanden

Naturvernforbundet klagar over lisenskvotar på jerv, fordi dei meiner at totalkvoten trugar bestanden. 

 Det er gjennom sju ulike rovdyrnemnder det er vedteke ei totalkvote på 105 jerv for lisensjakta 2017–2018, ifølgje organisasjonen.

– Det er fullstendig meiningslaust når bestanden er i fell fritt og ligg langt under bestandsmålet som Stortinget har vedtatt, seier Arnodd Håpnes, fagleiar og biolog i Naturvernforbundet.

– Totalkvoten er eit resultat av sju forskjellige enkeltvedtak. Kvart enkelt vedtak treng ikkje å vere svært kritisk for jerven, men totalkvoten blir veldig høg, utdjupar han.

Håpnes trekk fram at arten har vore freda i Noreg sidan 1982, og er definert som sårbar på raudlista over truga artar.

Ifølgje Naturvernforbundet er det per i dag registrert 47 ynglingar. I vår og i sommar er ti av desse skotne. Igjen står berre 33 ynglingar, som er langt under bestandsmålet til Stortinget på 39 ynglingar.

Naturvernforbundet klagar no til Klima- og miljødepartementet over den totale lisenskvoten for jerv i heile landet. Dei ber om at totalkvoten blir redusert betydeleg sidan bestanden ligg langt under vedteke bestandsmål.

Ifølgje Miljødirektoratet er det samla felt 114 jervar i perioden 2016-2017, som utgjer 33 prosent av det ein reknar med er den norske jervebestanden. Uttaket i år er langt høgare enn maksimal tilvekst i ein jervebestand.

Om talet på ynglingar som blir registrert vidare i år er omtrent som dei siste åra, kan netto tal på jervekull for heile landet komme under det nasjonale bestandsmålet i 2017. Det vil i så fall vere første gong det skjer, skriv Miljødirektoratet på sine nettsider.

Til toppen