Leikanger: Til og med torsdag denne veka deltek samtlege naudetatar i Sogn på ei øving på Leikanger, melder Håvard Bjelde, regional PLIVO-instruktør, i ei pressemelding.
Dette er ei sokalla PLIVO-øving, som tyder pågåande livstruande vald, og vert heldt nasjonalt.
Dei tre naudetatane politi, brann og helse utarbeidde denne felles prosedyra for korleis dei skal opptre og samarbeide ved hendingar der det ville ha vore utøva livstruande vald mot fleire personar.
Ifølgje Bjelde er øvingane tilrettelagt for å vera så reelle som mogleg. Blant anna vil politiet vera fullt væpna.
Konseptet vart utarbeidd av Politidirektoratet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap samt Helsedepartementet, og er eit oppfølgjingstiltak etter hendingane på Utøya i 2011.