FLAKS: ​Ei fersk risikovurdering frå naudetatane i Sogn og Fjordane peikar på at flaks og godt arbeid har bidrege til at ingen har døydd i store tunnelbrannar i fylket dei siste åra. Foto: Jens Tveit/Statens vegvesen.
FLAKS: ​Ei fersk risikovurdering frå naudetatane i Sogn og Fjordane peikar på at flaks og godt arbeid har bidrege til at ingen har døydd i store tunnelbrannar i fylket dei siste åra. Foto: Jens Tveit/Statens vegvesen.

Naudetatane: Flaks at ingen har døydd i tunnelbrann

Ei fersk risikovurdering frå naudetatane i Sogn og Fjordane peikar på at flaks og godt arbeid har bidrege til at ingen har døydd i store tunnelbrannar i fylket dei siste åra.

Sogndal: Dette skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Ein brann i ein tunnel er ei kjempeutfordring. Det er stor fare for at mange kan omkome dersom dei er i ein tunnel som brenn, seier Haavard Stensvand som er fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane til NRK.

– Sogn og Fjordane og Hordaland er dei to fylka i landet som har flest tunnelar. Totalt er det om lag 1130 vegtunnelar i Noreg og kvart år vert det i snitt registrert 130 køyretøystopp, 25 brannar og 15 tilløp til brann, skriv NRK.

Dei seinare åra har det vore fleire store tunnelbrannar i Sogn og Fjordane. I 2013 og 2015 brann det i Gudvangatunnelen og i 2015 brann ein tankbil lasta med bensin i Skatestraumen.

At ingen omkom i desse ulukkene er ein kombinasjon av flaks og godt arbeid, skriv naudetatane i ei risikovurdering dei har gjort av tunnelane i Sogn og Fjordane.

(©NPK)

Til toppen