Sogndal: Klokka 20.02 melde Statens vegvesen at riksveg 5 var stengt på grunn av ei trafikkulukke i Bergstunnelen.
Naudmeldingssentralen til Helse Førde skreiv på Twitter at èin bil med èin person skulle vera involvert, dette vart seinare retta av politiet til to personar. Ambulanse og lege var allereie på veg.
Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller på SMS til 907 03 711.
Politiet opplyste klokka 20.49 at personbilen køyrde i tunnelveggen like etter klokka åtte.
– Begge er ute og framstår som uskadde. Naudetatar er på veg til staden, skreiv dei på Twitter.
Begge dei to involverte vart avhøyrde av politiet på staden. Politiet vil oppretta sak, men tok ikkje frå føraren lappen. Dei mistenkjer heller ikke ruskøyring.
Seinare vart dei to sende til lokalt legekontor for sjekk.
Kl. 2010: Sogn og Fjordane: RV5 Bergstunnelen; Ein personbil køyrd i tunnelveggen. To personar i bilen. Begge er ute og fremstår som uskadd. Naudetatar på veg til staden.
— Vest politidistrikt (@politivest) February 12, 2018