ENDTE GODT: Det er ikkje meldt om personskadar etter ulukka.
ENDTE GODT: Det er ikkje meldt om personskadar etter ulukka. (Foto: Henrik Thorsnes Lefdal)

Bil køyrde i ein annan bakfrå i Balestrand

Ulukka var ikkje så alvorleg som dei første meldingane kunne tyda på. Ingen personar er meldt skada.

Indre Sogn: Politiet fekk klokka 12:59 melding om at ei trafikkulukke Balestrand. Første oppdatering gjekk ut på at ein lastebil og ein personbil var involverte i samanstøyten, men dette vart seinare retta.

ULUKKE: To personbilar støytte onsdag saman ved Kvamsøy i Balestrand. Foto: Skjermdump/Google Maps

– Brannvesenet er på staden. Det er to personbilar som involverte, ingen lastebil. Påkøyrsle bakfrå. Trafikken går greit forbi, skriv politiet klokka 13:24.

Ulukka skjedde på fylkesveg 55 ved Kvamsøy mellom Balestrand og Høyanger. I ei tidlegare melding opplyste politiet at personbilen truleg har fått store skader, men det var før opplysinga om lastebilen vart korrigert.

– Det er ingen personskade, partane fyller ut skademeldingsskjema, skriv dei i ei førebels siste oppdatering klokka 13:33.

Til toppen