GJEKK RUNDT: Tre personar berga seg på land etter ein kanovelt like ved Lærdal hotell.
GJEKK RUNDT: Tre personar berga seg på land etter ein kanovelt like ved Lærdal hotell. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Naudetatane rykka ut til kanovelt i Lærdal

Tre personar hamna i fjorden i Lærdal etter at kanoen dei sat i gjekk rundt.

Lærdal: Politiet melde klokka 12.37 at ein kano hadde gått rundt omtrent 200 meter frå Lærdal hotell. Naudetatar rykka ut til staden.

Meldinga gjekk først på at to personer hadde hamna i vatnet, og var i ferd med å symja mot land. Like etter opplyste politiet at tre personer var involverte i velten, og at alle hadde kome seg på tørr grunn.

Klokka 13.22 melder dei at alle har kome seg frå hendinga i god behald.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller tips@porten.no.

Til toppen