Lærdal: Naudetatane har rykka ut til Lærdalsøyri barne- og ungdomskule, etter melding om brann på eit toalett.
– Brannen skjedde etter undervisningstid, opplyser Solveig Grøthe, rektor ved Lærdalsøyri skule.

Rektoren fortel at dei ikkje har opplevd noko liknande tidlegare.
Brannvesen først på staden
Det visa seg at det brann i eit bosspann inne på eit toalett på ungdomsskulen.
Førebels har politiet ikke uttalt seg om brannen kan ha vore påsett.

Brannvesenet var først på staden og melde om at dei hadde kontroll på situasjonen klokka 15:02.
– Det er ingen skadde, men det er ein del røyk på staden. Brannvesenet har sjekka om det var spreiing til ventilasjonsanlegget, noko det ikkje var, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen til Porten.no.
Då me snakka med Knappen klokka 15:20 var politiet framleis ikkje kome til staden.
Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller på tlf: 480 13 131.