FALL UTI: Ein person fall uti Fardalselvi i Øvre Årdal.
FALL UTI: Ein person fall uti Fardalselvi i Øvre Årdal. (Foto: Kristine Haglund)

Kvinne og hund redda opp frå elv i Årdal, sendt til legekontor for sjekk

Rett før klokka 11:30 fredag rykka naudetatane ut til Fardalselvi i Øvre Årdal.

RYKKA UT: Ambulanse og brannvesen rykka ut til ulukka. Foto: Kristine Haglund

Årdal: – Me har fått melding om at ein person kan ha falle i elva, seier vaktleiar ved alarmsentralen, Oddbjørn Aune til Porten.no klokka 11:27. 

Personen som fall uti vart redda opp av elva klokka 11:43, melde Vest politidistrikt på Twitter

Klokka 12:02 opplyser Bjarte Rebnord, vaktleiar ved politiets operasjonssentral, at det var ei kvinne og ein hund som vart redda opp av elva. 

Luftambulanse vart rekvirert, men brannvesenet fekk redda kvinna og hunden med tau og sele, så helikopteret vart ikkje naudsynt. 

– Kvinna er sendt med ambulanse til sjekk på lokalt legekontor, det er ingen personskade anna enn at kvinna antakelegvis er våt og kald frå å ha vore i elva, seier Rebnord. 

Vår reporter på staden melder om stor bilkø nedanfor Fardalssvingane. Elva går langs vegen. Representant for naudetatane på staden kan bekrefta at ein person har sklidd eller falle uti elva. 

RYKKA UT: Naudetatane har rykka ut til ei mogleg ulukke i Fardalselvi. Skjermbilde: Google Maps

Aune opplyser at brannvesenet var først til å rykka ut. Minuttar seinare var ambulanse synleg i sentrum i Øvre Årdal. 

Klokka 11:31 fekk politiet melding om at brannvesenet var framme på staden. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no eller tlf: 48013131. 

Til toppen