Brannmeister Trond Ove Høie, brannsjef Sigvald Kvinge, og varabrannsjef Jan Ivar Kjelby er redd for at det skal skje ulukker som får alvorlege følgjer grunna at dei ikkje får kontakta storsamfunnet.
Brannmeister Trond Ove Høie, brannsjef Sigvald Kvinge, og varabrannsjef Jan Ivar Kjelby er redd for at det skal skje ulukker som får alvorlege følgjer grunna at dei ikkje får kontakta storsamfunnet. (Foto: NRK/Elias Håvarstein)

Naudnettet når ikkje ut – redningsmannskapet fryktar liv kan gå tapt

Når Brannmannskapet i Masfjorden og Gulen brann og redning skal kommunisere med mannskap lenger vest, sviktar ofte Naudnettet.

Byrknes: Innseglinga til Sognefjorden er ei nasjonal risikosone for ulykker. Men skulle katastrofealarmen gå, er det ingen garanti for at redningsmannskapet får beskjed, skriv NRK Sogn og Fjordane. 

Det skuldast at enkelte plassar her ute er ikkje omfatta av nettet som vart bygd ut i 2015. Når dei skal kommunisere med mannskap lenger vest, sviktar ofte Naudnettet.

– Det kan skje store ting, og om me då ikkje kan få ut meldingar til storsamfunnet om kva me treng, så vil jo det vere katastrofalt, seier Jan Ivar Kjelby, mjølkebonde og varabrannsjef i Gulen og Masfjorden brann og redning. 

Han er og del av eit brannmannskap av bebuarar som tek på seg å gjere andre i bygdene tryggare. 

Brannsjef for Masfjorden og Gulen, Sigvald Kvinge, er redd mangelen på Naudnett kan få alvorlege følgjer. Han minner om at innseglinga til Sognefjorden er prega av tung skipsfart, cruisetrafikk og fiskeindustri.

 
Til toppen