KAN BLI FLYTTA: Arbeidsplassane i NAV på Leikanger kan bli flytta til Bergen. – Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men me var førebudde på at forslaget ville kome, seie fylkesdirektør Tore Thorsnes til NRK. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
KAN BLI FLYTTA: Arbeidsplassane i NAV på Leikanger kan bli flytta til Bergen. – Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men me var førebudde på at forslaget ville kome, seie fylkesdirektør Tore Thorsnes til NRK. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Nav blir foreslått omorganisert til tolv regionar

Som følgje av regionreforma kjem arbeidsdirektør Sigrun Vågeng med anbefaling til ny framtidig regional struktur i Nav.

Leikanger: Mens det før var 19 regionar, tilrår arbeidsdirektøren at det blir 12. I så fall kan det bety at fylkeskontoret på Leikanger vert flytta. Dette kjem som eit resultat av at fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har avtalt at Bergen skal vere hovudsete for NAV.

– Reaksjonen var nok at ein godt kunne tenkt seg ei anna løsying, men me var førebudde på at forslaget ville kome. Det er ingen som vil miste jobben. Alle vil få tilbod om andre arbeidsoppgåver i NAV. Det betyr at dei tilsette anten vil få tilbod om å flytte med til Bergen eller at funksjonar vert liggjande att på Leikanger eller at dei får andre oppgåver, seier fylkesdirektør Tore Thorsnes til NRK.

– Fornuftig

Regionkontora blir lagt til Tromsø/Vadsø, Bodø, Steinkjer, Molde, Bergen, Stavanger, Arendal, Skien, Oslo, Hamar og Drammen.

– Eg synest anbefalingane frå arbeidsdirektøren ser fornuftig ut, og anbefaler derfor at vi går inn for dette. Den nye organiseringa medfører naturleg nok at byane som er valt, vil få fleire arbeidsplassar, noko som kjem innbyggjarane til gode, seier Framstegspartiets arbeidspolitiske talsperson, Erlend Wiborg til NTB.

Bakgrunnen for utgreiinga er å følgje opp signala i NAV-meldinga om å styrke moglegheita og evnene til kontora til arbeidsretta oppfølging av brukarane. Det skal skje ved blant å flytte ressursar frå fylkesnivå til NAV-kontora.

– Betre tenester

Utgreiinga er også grunngjeven med at NAVs organisering må tilpasse seg endringane som skjer i fylkesmannsembeta og i regionalt folkevalt nivå.

– Det er heilt naturleg at vi organiserer samfunnet annleis når vi endrar fylkessamansetninga. Eg er overbevist om at vi får betre tenester med ny organisering, og betre service for kvar krone, seier stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp), som leier kommunalkomiteen.

Vågeng sender saka til Arbeidsdepartementet for endeleg avgjerd.

(©NPK/Porten.no)

Til toppen