BEKLAGAR: Nav seier seg leie for at saksbehandlingstida i uføresaker stundom har vore vel lang. Dei aller mest langdryge sakene har pågått i meir enn eit år utan å verta løyste. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BEKLAGAR: Nav seier seg leie for at saksbehandlingstida i uføresaker stundom har vore vel lang. Dei aller mest langdryge sakene har pågått i meir enn eit år utan å verta løyste. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Nav nasjonalt beklagar lang sakshandsaming, men her i fylket er snittida ikkje verre enn kravet frå Stortinget

Saksbehandlingstida i uføresøknadar tar for lang tid, innrømmer Nav. Heller ikkje ankesaker i Trygderetten blir behandla fort nok.

NPK/ SOGN OG FJORDANE: I eit tilfelle NRK kjenner til måtte ein kvinneleg søkjar vente i to og eit halvt år før søknaden om uføretrygd vart ferdigbehandla i Nav og Trygderetten.

– Det er nok slik at så lange saksbehandlingstider på uføreområdet skjer med fleire. Årsaka er ikkje at vi somlar, men at det rett og slett er mange saker som er i behandling, seier Grete Børsheim, direktør for Nav klageinstans.

– Vi gjer no fleire tiltak for å få redusert saksbehandlingstida, legg ho til.

Avslåtte søknader om uføretrygd kan klagast vidare til Trygderetten. Heller ikkje der er saksbehandlinga rask nok. Snittet for behandling av ankesaker i Trygderetten er på dryge åtte månadar. Kravet frå Stortinget er fire månaders behandlingstid i snitt.

– Vi ønsker å få saksbehandlingstida ned. Det vil nødvendigvis ta noko tid, men vi vil gjere vårt ytste, seier leiar i Trygderetten Trine Fernsjø.

– Plar ikkje gå so lang tid i Sogn og Fjordane

– Saksbehandlinga plar på ingen måte ta so lang tid her i fylket, seier Frode Henden, pressekontakt for Nav i Sogn og Fjordane, til Porten.no. 

Men han understrekar at mange saker hamnar hjå spesialeiningar som opererer uavhengig av fylke.

– Når ein uføresøknad tek lang tid er det ofte fordi me vantar den naudsynte dokumentasjonen.

Det kan vera ein søknad utan vedlagt spesialistutgreiing, til dømes, og då vert heile søknaden lagt på vent til ei slik utgreiing ligg føre.

Han understrekar at vedtak om varig uføretrygd for einkvan i ung alder, til dømes, er eit dramatisk vedtak, og då er det viktig at god nok dokumentasjon har kome på plass. 

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for Sogn og Fjordane si avdeling raskare enn stortingskravet

Hilde Iren Rivedal er avdelingsdirektør for Nav Arbeid og ytingar Sogn. Kontoret hennar har ansvaret for å behandla uføretrygdsøknader frå både Aust-Agder og Troms i tillegg til Sogn og Fjordane. Frå og med fyrste januar i år skal kontoret hennar femna om Finnmark òg. 

Ho opplyser at ho ikkje kan taka ut statistikk for berre Sogn og Fjordane, men gjennomsnitts saksbehandlingstid for kontoret er 3,1 månader. 

– Dette innebærer sjølvsagt at mange saker vert tekne med ein gong, mens andre får tilsvarande lengre saksbehandlingstid. Normtida for uføretrygd er sett til 4 månader, avsluttar ho.

Til toppen