NAV tal


PUBLISERT 29.05.2015

Stabilt låg arbeidsløyse i fylket

Samla sett er utviklinga på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane positiv. Medan nabofylka våre har ein sterk auke, har vi uendra arbeidsløyse samanlikna med mai i fjor.

– Vi har motteke varsel om permittering eller oppseiing av om lag 100 personar i oljerelatert verksemd så langt i år. Verknaden av dette vil kome inn i tala våre utover sommaren, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane er 1070 personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 1,9 prosent av arbeidstyrken og er lågast i landet. Frå mai i fjor er arbeidsløysa redusert med seks personar, tilsvarande 1 prosent.

På landsnivå er det 74 994 heilt ledige i mai, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 3 prosent frå mai i fjor. Dersom vi ser bort frå Vestlandet, har dei fleste andre fylka nedgang i arbeidsløysa no i mai. Dette fører til at veksten på landsnivå ikkje vert så stor. Det syner også at etterspurnaden etter arbeidskraft i andre delar av landet gir gode mulegheiter for alle dei som no har mista jobben, særleg i Rogaland og Hordaland.

Mange kommunar med låg arbeidsløyse

16 kommunar har ein reduksjon i arbeidsløysa i mai. Størst reduksjon har Årdal og Selje med høvesvis 27 og 21 færre ledige enn på same tid i fjor. Flora og Høyanger, med høvesvis 46 og 21 fleire ledige, har størst auke.

Heile 7 kommunar har under éin prosent arbeidsløyse. Aller lågast er Leikanger med 0,5 prosent. På den andre sida av skalaen finn vi Vågsøy og Selje med 4,5 prosent og Bremanger med 4,3 prosent.

Størst auke innan bygg og anlegg

Bygg og anlegg og ingeniør- og ikt-fag har størst auke i arbeidsløysa. Her er det høvesvis 36 og 13 fleire ledige enn i mai i fjor. Helse, pleie og omsorg har størst nedgang. Her er det 19 færre ledige enn på same tid i fjor.

I mai var det 165 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 6 færre enn i same månad i fjor. 94 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, 44 færre enn i fjor.

Positivt for ikkje-vestlege innvandrarar

Innvandrar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 5 prosent frå mai i fjor, mens innvandrar frå vestlege land har ein auke på 5 prosent. For etnisk norske er situasjonen uendra.

Færre langtidsledige

Av dei 1070 heilt ledige, har 504 søkt arbeid i over eit halvt år. Talet på langtidsarbeidssøkjarar er redusert med 51 personar, tilsvarande 9 prosent, frå mai i fjor.

Færre ledige stillingar

I alt 353 nye stillingar vart registrert i mai, ein reduksjon på 9 prosent frå mai i fjor. Reduksjonen er størst innan industri og reiseliv/transport.

Til toppen