NAV
NAV (Foto: skjermdump)

NAV: Låg arbeidsløyse, og vanskeleg å rekruttere relevant arbeidskraft

Låg arbeidslaøse gjer at fleire bransjar får aukande rekrutteringsproblem, skriv NAV i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: I oktober var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 1190 personar i forhold til oktober i fjor.

Direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier at den stadig lågare arbeidsløysa gjer at fleire verksemder får problem med å skaffe relevant arbeidskraft. 

– Bygg og anlegg og IKT er eksempel på bransjar med aukande rekrutteringsproblem. Til dømes bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerar kan vere ei stor utfordring å rekruttere, sa Bogsnes i pressemeldinga. 

Det er svært få arbeidsledige i desse yrkesgruppene, og samtidig mange ledige stillingar. Bogsnes ser likevel moglegheiter. 

– Regjeringa si inkluderingsdugnad blir stadig viktigare. Dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er ein arbeidskraftreserve som vi kan aktivere gjennom samarbeid med næringslivet. Dette er ein vinn-vinn-situasjon og mange verksemder kan tene på å tenkje nytt når det gjeld rekruttering, sa Bogsnes. 

Lågast arbeidsløyse i heile Norge 

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (786), serviceyrke og anna arbeid (712) og reiseliv og transport (688), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (105) og jordbruk, skogbruk og fiske (120). 

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka. 

Medan arbeidsløysa i Hordaland er no på 2,1 prosent, har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent. Sju av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige. I heile Norge samla er arbeidsløysa 2,1 prosent, skriv dei i pressemeldinga.

Til toppen