BRUBESØK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) besøkte prosjektet ho i si tid var med på å vedta i regjering. Foto: Senterpartiet.
BRUBESØK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) besøkte prosjektet ho i si tid var med på å vedta i regjering. Foto: Senterpartiet.

Navarsete besøkte brua: – Eit smykke for Sogndal

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) fekk ei omvisning på den nye Loftnesnesbrui i Sogndal denne veka.

Sogndal: Stortingsrepresentanten frå Senterpartiet besøkte torsdag den nye brua som er i ferd med å ta form i Sogndal. Der fekk ho ei synfaring og ei orientering om prosjektet, som ho i si tid var med på å vedta i regjering.

Den tidlegare samferdsleministeren likte det ho såg.

– Det er alltid spanande å sjå prosjekt ein har arbeidd med ta form og bli realisert. Den nye brua kjem til å bli eit vakkert landemerke i tillegg til å gje eit langt betre tilbod både til gåande, syklister og bilar, seier Navarsete i ei pressemelding frå Senterpartiet.

Betre løysing gjennom sentrum

No meiner Navarsete at den neste store oppgåva for dei lokale folkevalde blir å finne den beste løysinga for å vidareføre ny veg gjennom Sogndal.

– Det må takast omsyn til i alt nytt reguleringsplanarbeid og må saman med planar for strekninga Håbakken-Skei og Hemsedalsfjellet arbeidast godt med for å finne løysingar som kan få plass i neste Nasjonale Transportplan. 

– Det er også viktig at ein har fokus på bru mellom Mannheller og Fodnes, samt tunnel Hagalandet-museet som også er viktige prosjekt på denne strekninga.

Til toppen