OVERKØYRING: Både Hilmar Høl (Ap) og Liv Signe Navarsete meiner folkevilja ikkje er lytta til når regjeringspartia med støtte frå Venstre ønskjer å slå saman kommunar med tvang. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Senterpartiet.
OVERKØYRING: Både Hilmar Høl (Ap) og Liv Signe Navarsete meiner folkevilja ikkje er lytta til når regjeringspartia med støtte frå Venstre ønskjer å slå saman kommunar med tvang. Foto: Truls Grane Sylvarnes/Senterpartiet.

Navarsete: – Ei sørgeleg overkøyring av lokaldemokratiet

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner det er trist at stortingsfleirtalet set til side folkevilja i Leikanger og vil tvinga saman Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Sogndal: Dei to førstnemnde kommunane har pent takka nei til samanslåing i tidlegare vedtak – og det etter å ha spurt innbyggjarane om deira meining. I Sogndal var utfallet det motsette. Der landa dei på ja.

Regjeringspartia har med støtte frå Venstre valt å lytta til tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og går inn for å tvangssamanslå kommunane. Det blei klart på ein pressekonferanse onsdag morgon. Trist, meiner Navarsete.

– Tidlegare evalueringar syner at der ein har hatt vellykka samanslåingar, har det vore vilje frå begge sider. I dag finst det framleis kommunar som har vore slått saman i fleire tiår, med store interne konfliktar fordi ein ikkje har greidd å laga limet der ein føler seg som éin kommune, seier ho.

– Folkevilja er ikkje teljande

Meiningane får støtte frå leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl. Han har allereie vore i telefonmøte med partiet sentralt i dag, og der er bodskapen klokkeklar.

– Me er heilt konsekvente på at me ikkje kjem til å stemme for verken det nye kommunekartet eller det nye regionkartet, seier han.

– Demokratiet skal brukast, og kommunane gjorde sitt ytste for at folkeviljen skulle fram. Her har ein to nei-kommunar og ein ja, men dei blir likevel slått saman, og då er ikkje folkevilja teljande, men Fylkesmannen si vurdering som er trekt fram. Det er tydeleg at dette er bestemt bak lukka dører, legg han til.

«Vilkårleg» regionkart

I tillegg til å slanke talet på kommunar, ønskjer regjeringa også å halvere tal fylke, men på Vestlandet har dei ikkje lagt inn nokon tvang. Sogn og Fjordane og Hordaland har allereie blitt samde om ein intensjonsplan.

Høl kallar regionkartet «vilkårleg» og tykkjer det er påfallande at Møre og Romsdal og Rogaland slepp tvang.

– Sikkert fordi regjeringspartia er så sterke der og har fått klare signal frå sine representantar i dei fylka om at dei ikkje ønskjer å vera med på samanslåing, seier han.

– Ap med raud løpar til regjeringa

Når det gjeld regionreforma, er Navarsete meir oppteken av korleis Ap har lagt «ein raud løpar» for regjeringa. Ap sitt argument for å vere med på forhandlingane er nettopp for at ein skal ha ein viss form for medverknad i tilfelle eit tvangsvedtak skulle koma.

– Burde kommunane også ha tenkt slik i staden for at dei nærast startar på bar bakke i forhandlingar no?

– Det er Ap som har vedteke den i Sogn og Fjordane og Hordaland saman med sentrumspartia. Det er dei som har vore pådrivar i begge fylka. Dei nye, store oppgåvene har me ikkje sett så mykje til, så korvidt ein har vore framsynt her, er det berre framtida som kan visa, seier ho. 

– Når det gjeld kommunane, har dei gjort det som er rett. Dei spurte innbyggjarane, og me må respektere begge utfalla, der nokre vil og andre ikkje. Hadde dei laga seg ein intensjonsplan, så ville dei iallfall blitt slått saman. 

Men Høl meiner utgangspunktet for forhandlingar i regionreforma ville vore verre dersom dersom dei ikkje hadde inngått ein intensjonsavtale på førehand.

– Det er ikkje tvil om at viss me hadde sett oss på gjerdet og sagt nei, ville utfallet ha vore at me skulle slåast saman med tvang. No er utgangspunktet vårt betre enn viss me hadde starta på bar bakke der Hordaland hadde vore ein vanskelegare motpol å forhandle med, seier han.

Kan avvente utfallet av valet

Ordførarane i dei tre kommunane er onsdag føremiddag i møte. Der kan det vera at dei går inn for å samarbeida, eller så kan dei velje å avvente. Eit vedtak i Stortinget kjem truleg ikkje før i sommar, og førebels er det ikkje sett nokon form for frist til kommunane.

Med andre ord kan dei avventa utfallet av valet til hausten. Vert det skifte av regjering, blir også tvangsvedtaket truleg oppheva.

– Er det ein lovnad det kjem til å stå for, Høl?

– Ja, det trur eg me kan vera samde om. Det finst særtilfelle i alle samanhengar, men intensjonen har kollapsa. No lyttar dei ikkje til folkeviljen. I staden slår dei saman med tvang og hyllar seg sjølv for det, men oppnår ingenting, svarar og minner om at kommunane har moglegheit til å anke, men då må dei koma frå kommunane sjølve.

– Til slutt, Navarsete, ser du noko positivt med kommunereforma?

– Det er aldri svart-kvitt. Det kan vera plassar der det er fornuftig med strukturendring, men det eg er oppteken av, er at innbyggjarane og lokalpolitikarane er med på laget. Forsking har vist at med deira involvering, får ein det til på ein mykje betre måte enn ved tvang. Den undersøkinga burde Jan Tore Sanner lest grundigare.

 

Til toppen