NIKKEN-PRISEN: Rolf Navarsete frå Sogndal mottok Nikken-prisen under cupfinalen søndag. Foto: Rune Sjøberg.
NIKKEN-PRISEN: Rolf Navarsete frå Sogndal mottok Nikken-prisen under cupfinalen søndag. Foto: Rune Sjøberg.

Navarsete fekk Nikken-prisen

Rolf Navarsete frå Sogndal mottok Nikken-prisen under cupfinalen for herrar søndag. 

Ullevaal/Sogndal: Prisen vert delt ut kvart år til «Årets fotballven». Den første som mottok prisen i 1985 var Birger Nicolai Johansen, eller «Nikken» som han vart kalla. 

I år går altså prisen til Rolf Navarsete i Sogndal. Juryen begrunnar valet slik:

«Årets vinnar har vore aktiv i norsk fotball i fleire tiår og har gått gradene frå å vere spelar til å bli ein stor leiar.

Han spelte cupfinale på Ullevaal Stadion i 1976.

Han har vore oppteken av samfunn- og kompetanseutvikling med klubben som nettverksbyggjar. 

Han var pådrivar for å få bygd eit storhall midt på 90-talet, som no har vakse til å bli eit fantastisk Campus heile bygda har glede av. 

Leiarar har kome og gått, men årets Nikken-vinnar har aldri slept taket som strateg og rådgjevar. Han og hans gode ven Svein Bakke er synonyme med Sogndal Fotball si suksesshistorie.»

Til toppen