Årdal/Lærdal/Sogndal: Alle lokallaga i Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil at Liv Signe Navarsete held fram som toppkandidat på Stortinget. Aleksander Øren Heen er peika på i 22 av 24 lokallag, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Det betyr at Navarsete frå Sogndal, busett i Lærdal, og årdølen Øren Heen ligg godt an når stortingslista til Sogn og Fjordane SP inn mot neste års stortingsval blir banka 25.november.
– Gunstig å ha folk inne i det sentrale maktapparatet

– Det blir ein kamp om andreplassen. Me får sjå kva partiet seier til slutt. Dette er ein grundig prosess rundt om, og det er opptil partiet å vurdera om den beste løysing er å ha meg på andreplassen, seier Aleksander Øren Heen.
– Kor viktig er det for våre kommunar å ha stortingsrepresentantar som kjem herifrå?
– Først og fremst er det kampen for Sogn og Fjordane, og der har eg tenkt å melda meg på. Så er det klart at det for kommunane i Indre Sogn er gunstig å ha folk inne i det sentrale maktapparatet.
Fylkesordførar Jenny Følling, fylkesleiar Sigurd Reksnes og nestor Steinar Ness er også populære namn, skriv NRK Sogn og Fjordane - og såleis dei største utfordrarane til Øren Heen.
Nominasjonsnemnda skal kome med sitt forslag i oktober. Den endeleg stortingslista blir vedteken 25. november.