Lærdal: Det kan gå mot ein retur til lokalpolitikken for stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete. Onsdag vart det kjend at ho har takka ja til å stå på lista til Lærdal Senterparti til hausten.
– Eg ønsker å vere endå meir i Sogn og Fjordane. Det gjeld også heimkommunen min. Det er viktig å engasjere seg lokalt for å halde fokuset der det skal vere, på folk og korleis me best kan legge til rette for dei, forklarar Navarsete til NRK.
Ho vil ikkje svara på om dette er å tyda på som ein retrett frå rikspolitikken.
Leiar Viktor Yttri i Lærdal Senterparti seier det var Navarsete sjølv som ønskte å vera på nedre halvdel av lista. Likevel er han glad ho takka ja.
– Dette er utruleg kjekt. Liv Signe er ein røynd politikar og eit tydeleg talerøyr for distrikta. Blir ho vald kan me dra nytte av kompetansen hennar, seier Yttri til NRK.