TAKKA JA: Liv Signe Navarsete har varsla nominasjonskomiteen til Sogn og Fjordane Senterparti at ho takkar ja til å stå på lista til stortingsvalet i 2017. Her bidreg ho i kommunevalkampen i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TAKKA JA: Liv Signe Navarsete har varsla nominasjonskomiteen til Sogn og Fjordane Senterparti at ho takkar ja til å stå på lista til stortingsvalet i 2017. Her bidreg ho i kommunevalkampen i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Navarsete takkar ja til ny periode på Stortinget

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete har takka ja til å stå på lista til stortingsvalet i 2017.

Sogndal: Stortingsrepresentanten har varsla nominasjonskomiteen i Sogn og Fjordane Senterparti at ho takkar ja til å stå på lista. Det skriv Sogn Avis

– Det er svært givande å få vere stortingsrepresentant for Senterpartiet og for Sogn og Fjordane fylke. Senterpartiet har ei strålande stortingsgruppe som er med på å setje dagsorden, og eg er klar for å bidra i fire nye år, seier Navarsete ifølgje ei pressemelding frå Senterpartiet.

Den tidlegare partileiaren vart for første gong valt inn på Stortinget i 2005, men frå det året og fram til 2009 var ho samferdsleminister. Deretter var ho kommunalminister frå 2009 til 2013. 

– Dei siste åra har eg brukt mykje av tida mi på Stortinget til å setje søkelys på viktige saker for Sogn og Fjordane, og som medlem i utanrikskomiteen har eg fronta saker som TTIP, TISA og ikkje minst den alvorlege saka der den blåblå-regjeringa no ynskjer å gje frå seg sjølvråderetten av Noreg sitt bank- og finanstilsyn. Kampen er ikkje over, og eg er på ingen måte klar for å gi meg, seier Navarsete.

– Den sitjande regjeringa sin politikk tek Noreg i feil retning, noko som i særleg stor grad går ut over distrikta våre. Det gjer meg motivert til å halde fram kampen mot sentralisering og jobbe vidare for at heile landet skal bli sett og tatt i bruk.

Til toppen