Ned med flagget til topps

Trass i at islendingane som samla seg på Laksen måtte sjå vertsnasjonen senda laget deira heim med 2-5 i sekken, var det få misnøgde miner å sjå. Sjekk biletegalleri!

– Me fekk jo to mål. Og uansett resultat i denne kampen gjekk me ned med flagget til topps, seier Hrafnildur Elvarsdottir.

Laksen Pub & Restaurant var fylt med islendingar søndag kveld. Også ein del lærdøler hadde funne vegen til samlinga med kampen på storskjerm for å støtta opp om sine islandske vener. Då nasjonalsongane runga på Stade France i Paris vart det "islandsk-lærdalsk" forbrødring på Laksen. Alle reiste seg for å hylla den vesle, store fotballnasjonen:

Artikkelen held fram under videoen:

– Ingenting umogleg

Men så sette desse franskmennene ein liten dempar på stemninga allereie etter tolv minuttar. Olivier Giroud lurde den islandske offsidefella og gjorde ingen feil åleine med Hannes Þór Halldórsson.

Åtte minuttar seinare var det stjerneskotet Paul Pogba - ein spelar den franske avisa L'equipe har rekna ut er fire gonger meir verdt enn heile Island sin tropp på ein spinnvill spelarmarknad - som steig til vêrs på ein corner og dobla. Eit tungt sukk gjekk gjennom forsamlinga på Laksen. 

Men framleis var det håp; Island hadde slege tilbake mot fotballstormaktene Portugal og England to gonger tidlegare i meisterskapen.

– Innstillinga vår har vore at ingenting er umogleg, seier Elvarsdottir.

Bodskapen frå Laksen nådde fram til Paris

Men det skulle bli stjernenes aften. Dimitri Payet og Antoine Griezmann sørga for at det stod 4-0 til "Les Bleus" då laga gjekk i garderobane for halvspelt.

Mange hadde gitt opp der. Gått for halv maskin resten av kampen og vorte sende heim med sju-åtte baklengs. På Laksen snakka derimot islendingane om at dei skulle vinna 2.omgang. Det var målet no.

Og bodskapen frå Laksen nådde tydelegvis fram til Paris. Eit friskt islandsk lag tok tak i det som etter alle solemerkjer ville blei dei siste 45 i denne meisterskapen. Kolbeinn Sigþórsson kasta høgrefoten fram på eit innlegg frå Gylfi Sigurdsson og reduserte.

Rett nok rauk det ørvesle håpet som vart tent då Olivier heada inn 5-1, men seks minuttar før slutt sytte Birkir Bjarnason for at det vart islandsk siger i 2.omgang.

Island slutta aldri å spela det beste dei kunne, vart ikkje banka sønder og saman. Då er til og med eit 5-2-tap å reisa heim med flagget til topps.

Held med Wales no

– Eg trur ikkje nokon er skuffa. Ikkje spelarane heller, seier Elvarsdottir.

– Korleis var det å sjå kampen her saman med andre islendingar og lærdøler på ein "fullsett" Laksen?

– Kjempegøy. Eg vart overraska over kor mange som kom. Ein god del lærdøler også; utruleg kjekt.

Islendingane har gjeve omgrepet "underdogs" eit andlet. Synt fotballverda at samhald, kameratskap og beintøff innstilling kan fillerista elleve engelske enkeltstjerner i ei dårleg samspelt eining.

Les også: – Vanvittig. Heilt vanvittig 

Fredag gjorde ei eining av walisarar det same med elleve store belgiske namn.

– No held eg med Wales, seier Elvarsdottir.

– Blir det VM-gull om to år til Island?

– Det går jo an å håpa. Me kjem kanskje til VM, i alle fall. 

 

Til toppen