OVERSVØMT: Slik ser det ut i parkeringshuset på Årdalssenteret tysdag kveld. Kummelokka greier ikkje å ta unna alt vatnet, som i staden har samla seg i parkeringshuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERSVØMT: Slik ser det ut i parkeringshuset på Årdalssenteret tysdag kveld. Kummelokka greier ikkje å ta unna alt vatnet, som i staden har samla seg i parkeringshuset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Nedbøren vil minka drastisk

Vakthavande meteorolog melder om i minke i nedbørsmengdene.

Vakthavande meteorolog i Bergen opplyser til Porten.no at nedbørsmengda vil minka drastisk dei neste timane.

Tysdag ettermiddag måtte innbyggjarar i både Lærdal og Årdal evakuerast på grunn av flaumen. 

Mykje nedbør saman med varme og snøsmelting i fjellet gjer at fleire elvar i fylket trugar husstandar. Enkelte plassar har naturkreftene allereie reist med hus og heim.

Alt tyder på at Lærdal er betraktelig hardare råka enn Årdal, men heldigvis er det gode nyheiter i vente også.

For ifølgje vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt er regnet i drastisk minking.

– No er regnet i drastisk minking. Det er ein front som har passert, og det er den som no har gått over oss. Det går no over til bygevêr, men det vil ikkje komma store mengdar over det neste døgnet. Det vil vera heilt andre mengder, vert det opplyst.

– Temperaturen er synkande. Etter at ein kaldfront har passert vil temperaturen synka. Det er utrygt for torden i desse bygene.

Til toppen