GRÅTT OG VÅTT: På Torget i Øvre Årdal er det best å dra regnfrakken godt over hovudet fredag morgon. Og i følgje prognosane blir det berre verre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
GRÅTT OG VÅTT: På Torget i Øvre Årdal er det best å dra regnfrakken godt over hovudet fredag morgon. Og i følgje prognosane blir det berre verre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Nedbørssøylene går gjennom taket

Midt på dagen i dag kan det koma over 20 mm nedbør på to timar.

– Det er vanskeleg å seia akkurat kvar bygene kjem i dei luftmassane som no er på veg opp frå sør. Men det kan koma kraftige lokale byger, 30-40 mm på seks timer enkelte stader. Og så blir det ein del toreaktivitet i sørlege delar av landet, seier statsmeteorolog Steinar Skare på yr.no.

Onsdag var ein våt dag i Indre Sogn, men i dag, fredag, ser det enno verre ut. Faktisk er det meldt så mykje nedbør midt på dagen at nedbørssøylene til Yr sprengjer diagrammet for til dømes Øvre Årdal:

yr.no

OBS-varsel

Uvêret ser også ut til å vara ei stund - sjølv om nedbøren avtek utpå ettermiddagen vil det dryppa jamt til ut på ettermiddagen laurdag i følgje prognosane til Meteorologisk institutt. I tillegg tek vinden seg opp, og på toppane i fjellet er det meld om sterk kuling i fjellet natt til laurdag - til dømes 19 m/s på Store Hånosi i Lærdal.

Det er også sendt ut OBS-varsesl for Sogn og Fjordane og Hordaland.

Til toppen