STENGT TUNNEL: Politiet bestemte seg for å stenga Fodnestunnelen etter melding om at ein person var observert gåande der midt på natta.
STENGT TUNNEL: Politiet bestemte seg for å stenga Fodnestunnelen etter melding om at ein person var observert gåande der midt på natta. (Foto: Illustrasjonsbilete)

Nederlendaren bestemte seg for å gå heim midt på natta – stoppa i tunnel 

Festen i Lærdal enda ikkje heilt som planlagt. Då nederlendaren vart fråkøyrd av kompisen, bestemte han seg for å ta beina fatt på heimvegen, som var ein halvmaraton unna.

Lærdal: Klokka 04.14 i natt vart Fodnesstunnelen stengt etter at ein mann hadde blitt observert gåande der inne av ein bilist.

Sjåfør Geir Are Strømnæss i Firda Billag møtte raude blinkande lys då han kom køyrande med nattbussen frå Oslo.

– Eg syntest det var litt merkeleg at tunnelen skulle vera stengt, for det var ikkje skilta vegarbeid og i tillegg var det natt til første pinsedag, seier Strømnæss.

Plukka opp nattevandraren

Då han ringte vegtrafikksentralen fekk han vita årsaka.

Strømnæss hadde knapt med tid til å rekka ferga, så han bad fint om å få køyra gjennom. Han fekk lov etter først å ha sjekka med politiet.

Samstundes måtte han lova å plukka opp fotgjengaren om han såg han.

– To kilometer før eg kom ut på Fodnes-sida så gjekk det ein fyr der, ein nederlendar viste det seg. Eg fekk tatt han med og forklart at tunnelen vart stengt på grunn av han, seier Strømnæss.

Den knappe tida var blitt enno knappare, og Strømnæss måtte be ferja halda att nokre minutt til han hadde fått nederlendaren med seg.

Vel ombord fekk han vita resten av historia av ferjebillettøren, som hadde snakka med kompisen til nederlendaren tidlegare på natta.

Forlet kompis i naud

Detaljane er usikre, men dei to skal ha vore på fest i Lærdal då dei hadde kome frå kvarandre. Kompisen hadde køyrt rundt i taxi for å finna landsmannen, men utan hell. Til slutt hadde han gitt opp, og reist heim for natta, som var på andre sida av fjorden.

Då nederlendaren forstod at han var forlaten av kompisen, såg han ikkje anna råd enn å ta beina fatt.

– Han var rimeleg sint fordi han hadde blitt køyrt i frå, så sint at han ikkje ville snakka med nokon, fortel Strømnæss, som seier den ferske passasjeren ikkje gav teikn til å vera særleg rusa.

Humøret var blitt eit par hakk betre då nederlendaren vart sleppt av ved vegs ende.

– Han var veldig takksam, tok meg i handa og takka då han gjekk av, seier Strømnæss.

Så spørst det om han var like blid då han til slutt fekk møta att kompisen.

Til toppen