REDUKSJON: Norsk Hydro ASA melder om ein nedgang i justert driftsresultat i tredje kvartal i år mot same tid i fjor.
REDUKSJON: Norsk Hydro ASA melder om ein nedgang i justert driftsresultat i tredje kvartal i år mot same tid i fjor. (Foto: Hydro)

Nedgang for Hydro i tredje kvartal

Det justerte driftsresultatet for Norsk Hydro ASA fall til 1,34 milliardar kroner i tredje kvartal. Årsaka er blant anna lågare prisar.

Oslo: Det justerte driftsresultatet på 1,34 milliardar kroner i tredje kvartal er ein nedgang frå 2,68 milliardar på same tid i fjor. Det er hovudsakleg ein nedgang i realiserte prisar på  aluminium og alumina som er årsaka, skriv Hydro i ei pressemelding. 

Dette gjev eit fall i det justerte driftsresultatet på 49 prosent. Det var likevel noko sterkare enn venta, melder E24.

Nedgangen vart delvis utjamna av ein nedgang i råvarekostnader og auka produksjon i Brasil. 

For primærmetall gjekk driftsresultatet ned frå 862 millionar i tredje kvartal i fjor til eit tap på 39 millionar i år. Årsaka er hovudsakleg lågare metallprisar og lågare inntening på kraftsal i Brasil. Dette vart delvis utlikna av lågare råvarekostnader og positive valutaeffektar.

For valsa produkt auka driftsresultatet samanlikna med same tid i fjor, frå 82 millionar til 166 millionar kroner. 

Resultatet etter skatt vart på minus 1,39 milliardar kroner i tredjekvartal, medan det var venta å vere på minus 318 millionar kroner, ifølgje E24. I fjor var resultatet etter skatt i tredje kvartal på minus 1,7 milliardar. 

For nokre månader sidan fekk Hydro løyve til å trappe opp att produksjonen ved aluminaraffineriet Alunorte i Brasil. Den delvise nedstenginga har kosta kring 600 millionar kroner i kvartalet. 

I tillegg har cyberangrepet verksemda var utsett for 19. mars ført til eit tap på kring 550 til 650 millionar kroner det første halvåret. Dette har likevel hatt avgrensa effekt på økonomien i tredje kvartal. 

 

 

 
Til toppen