NEDGANG: Etter to år med oppgang gjekk talet på felte ryper ned i jaktåret 2015/2016. Berre i dei to nordlegaste fylka var det auke. Foto: Jim Timås Kristensen.
NEDGANG: Etter to år med oppgang gjekk talet på felte ryper ned i jaktåret 2015/2016. Berre i dei to nordlegaste fylka var det auke. Foto: Jim Timås Kristensen.

Nedgang for rypejakta i Noreg – oppgang i nord

Etter to år med oppgang gjekk talet på felte ryper ned i jaktåret 2015/2016. Berre i dei to nordlegaste fylka var det auke.

Indre Sogn: Det vart i jaktåret felt 175.000 ryper – av dei 111.000 liryper og 64.000 fjellryper, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– I dei fylka der det tidlegare har blitt felt ryper av eit visst omfang, var nedgangen størst i Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag og Nordland. I desse fylka var rypa mange stadar freda. Det var også innført avgrensing av talet på jegerar og kor mykje som kunne fellast per dag, skriv SSB.

Aller størst var nedgangen i Hedmark, der talet på felte ryper gjekk ned med 79 prosent frå jaktåret før.

I Finnmark vart til saman 51.000 ryper felt, ein auke på 74 prosent. Berre i Kautokeino var talet 12.600. Kommunen lengst sør på Finnmarksvidda gjekk med det forbi Karlsøy i Troms som den største rypekommunen i landet. I Karlsøy vart det i 2015– 2016 skote 10.200 ryper. I Troms totalt var talet 46.000, ein auke på 22 prosent. (©NPK)

Til toppen