Indre Sogn: Det kjem fram av tal som NAV Sogn og Fjordane presenterer fredag. Ifølgje tala er det særleg i Indre Sogn at nedgangen i arbeidsløysa har vore sterk.
Både Luster (-51 prosent), Lærdal (-42 prosent) og Årdal (-23 prosent) har uvanleg sterke tal no på sommaren.
– Ingen teikn til svekking
Generelt for Sogn og Fjordane peikar pila også i riktig retning.
– Me ser ingen teikn til ein svekka arbeidsmarknad i Sogn og Fjordane, snarare tvert om fortel Frode Henden, presseansvarleg ved NAV Sogn og Fjordane.
– Me registrerer 150 færre heilt ledige enn på same tid i fjor, noko som utgjer ein reduksjon på 13 prosent.

Høgt aktivitetsnivå
Høgt aktivitetsnivå innan større næringar som butikk og sal, industri og bygg og anlegg bidreg sterkt til dei gode tala. Ved utgongen av juli er 993 personar i fylket heilt utan arbeid. Dette gir ei arbeidsløyse på 1,7 prosent, som er lågast i landet.
– Sjølv om me korrigerer for eit høgt tiltaksnivå no i sommar er dette likevel svært gode og noko betre tal enn me hadde venta i prognosane våre, seier Henden.
På landsbasis auka arbeidsløysa med 3 prosent frå juli i fjor, men heile tolv fylke har reduksjon, og det kan tyde på at dei oljeråka fylka byrjar å stabilisere seg.
– Dette er bra, men det er likevel lang veg tilbake til ein normalsituasjon for desse fylka, seier Henden.
Nedgang innan industri og kontorarbeid
I Sogn og Fjordane er det Selje (4,3 prosent), Bremanger (3,9 prosent) og Flora (3,8 prosent) som har høgast arbeidsløyse. Heile seks kommunar er i andre enden under 1 prosent.
Nedgangen gjeld for stort sett alle yrker med unntak av leiarar, ingeniør og IKT, samt nokre akademiske retningar. Årsaka til dette vert knytt opp til ringverknader av oljekrisa.
Elles er det industri og kontorarbeid som har størst nedgang i tal ledige med høvesvis -32 og -28.
Heilt ledige fordelt på kommune
Kommune | % av arbeidsstyrke | Endring i % frå i fjor |
Leikanger | 0,8 | 11 |
Sogndal | 1,3 | 19 |
Aurland | 0,6 | 0 |
Lærdal | 1,2 | -42 |
Årdal | 0,9 | -23 |
Luster | 0,7 | -51 |