TIL HAUSTEN: 190 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande skule har sett opp fag frå Årdal vidaregåande skule som førsteval. Foto: Ina Eirin Eliassen
TIL HAUSTEN: 190 søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande skule har sett opp fag frå Årdal vidaregåande skule som førsteval. Foto: Ina Eirin Eliassen (Foto: Arkiv)

Nedgang i søkjarar til vidaregåande skular

Færre enn i fjor søkjer vidaregåande opplæring i fylket. Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal vidaregåande skule legg ikkje skjul på at søkjartala til Årdal kunne vore betre. 

Hausten kjem stadig nærare. Sogn og Fjordane fylkeskommune har no klare førstevala til søkjarar med ungdomsrett (sjå faktaboks). Dette er primærsøkjartala, og syner ikkje den endelege fordelinga av søkjarar til dei forskjellige tilboda. 

FÆRRE SØKJARAR I FYLKET: Rektor ved Årdal vidaregåande skule, Geir Kjetil Øvstetun, håpar ikkje det blir kutt i talet på klassar ved skulen, som følge av søkjartala for hausten.
FÆRRE SØKJARAR I FYLKET: Rektor ved Årdal vidaregåande skule, Geir Kjetil Øvstetun, håpar ikkje det blir kutt i talet på klassar ved skulen, som følge av søkjartala for hausten.

Talet på søkjarar som har fag ved Årdal vidaregåande skule (vgs) som førsteval er 190, fordelt på 225 elevplassar i 12 klassar.  ​

– 190 søkjarar til 225 plassar ved Årdal vgs er brukbare tal, men dei kunne så klart vore betre. Tala vil jo også endre seg etterkvart  i inntaksprosessen då nokre kjem inn på andrevalet sitt, men desse tala er enno ikkje klare, seier Øvstetun. 

Kritisk for to fag i Årdal

Øvstetun legg ikkje skjul på at skulen kan få ei utfordring med å fylle klassane ved Kjemiprosess, vidaregåande trinn 2 (vg2), med 3 søkjarar til 12 plassar og for Påbygging til generell studiekompetanse, vidaregåande trinn 3 (vg3),  som har 15 søkjarar til 30 plassar. 

– Med så mange færre søkjarar til dei vidaregåande skulane i fylket vil dette få utslag for ulike skular og fagområde. Me må ta følgene, så i neste runde skal politikarane gjera sine val, seier Øvstetun.

– Kan ein risikere å miste vg2 Kjemiprosess, då det berre er tre søkjarar så langt?

– Eg håpar så klart ikkje det, men det kan nok bli vurdert, seier Øvstetun.

Slik er fordelinga av søkjarar til Årdal

På vidaregåande trinn 1 (vg1) har Teknikk og industriell produksjon og Elektrofag fylte klassar med 13 og 12 søkjarar. Studiespesialisering har 29 søkjarar til 30 plassar, mens 11 elevar har søkt om plass på Service og samferdsle som har 17 plassar. 

For vg2 har heile 19 søkt seg til dei 12 plassane på Automatisering. Salg, service og sikkerhet har 12 søkjarar til 15 plassar og Studiespesialisering har 24 søkjarar til 30 plassar. 10 har søkt seg til Industriteknologi, mens 3 stykk har søkt Kjemiprosess. Begge klassane har 12 plassar. 

For dei tre klassane på vg3 har heile 31 søkt seg til dei 30 plassane på Studiespesialisering, 15 stykk har søkt seg til dei 30 plassane for Påbygging til generell studiekompetanse, medan 11 har sett opp Automatiseringsfaget som førsteønskje. Automatiseringsfaget har totalt 12 plassar.

Færre søkjarar i fylket

I Sogn og Fjordane er det i år 162 førre søkjarar med ungdomsrett til vidaregåande skule enn i fjor. For talet på søkjarar med unggdomsrett til opplæring i bedrift har talet auka litt til 52 søknadar om ulike lærefag. 

I fylket er det totalt 4410 elevplassar i vidaregåande skule. I år har 4045 elevar med ungdomsrett søkt vidaregåande opplæring i skule. Samanlikna med i fjor søkjer 41 færre om vidaregåande trinn 1, 46 færre til vidaregåande trinn 2 og for vidraregåande trinn 3 er det 75 færre søkjarar.

120 søkjarar med ungdomsrett har søkt skular i andre fylke som førsteval. I tillegg er det 266 søkjarar utan ungdomsrett som har søkt skule i Sogn og Fjordane. Dersom det er ledige plassar, vil desse få beskjed når dei vidaregåande skulane overtek inntaket i august. 

Har du tips til saker? Ring oss på 480 13 131, send det på SMS til PORTEN [di melding] til 1963 eller send ein e-post til tips@porten.no.

Til toppen