Stortinget har bestemt eit nasjonalt bestandsmål på 39 årlege kvelpekull i Noreg.
Kindberg presiserer at 40 jervekull er eit førebels tal som kan endre seg. Det står framleis att litt feltarbeid, og Rovdata vil også gjennomføre ei kvalitetssikring av feltmaterialet.
Dei 50 kulla som vart registrerte i landet i fjor, var ein betydeleg nedgang frå 65 kull året før. Det står att å sjå om nedgangen held fram i år.
– Om talet held seg på 40 kull vil jervebestanden likevel vere over det nasjonale bestandsmålet, som han har vore sidan 2003, fortel Kindberg.
Rovdata vil 1. oktober i år komme tilbake med ein endeleg rapport med kvalitetssikra tal over registrerte jervekull i landet i år.