FÆRRE REIN: Landbruksministeren er nøgd etter at talet på rein har gått ned her i landet. Det betyr at talet på rein er betre tilpassa beitegrunnlaget, påpeikar han.​ Arkivfoto: Harald Skjerdal. 
FÆRRE REIN: Landbruksministeren er nøgd etter at talet på rein har gått ned her i landet. Det betyr at talet på rein er betre tilpassa beitegrunnlaget, påpeikar han.​ Arkivfoto: Harald Skjerdal.  (Foto: Arkiv)

Nedgang i talet på rein

Landbruksministeren er nøgd etter at talet på rein har gått ned her i landet. Det betyr at talet på rein er betre tilpassa beitegrunnlaget, påpeikar han.

Lærdal: Ifølge den såkalla ressursrekneskapen for reindriftsnæringa for 2014/2015 har det samla reintalet gått ned frå 232.900 til 211.600 dyr på eitt år.

– Dette viser at den reindriftspolitikken som er ført gjennom mange år, no gir dei resultata vi ønskjer, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).

Han peikar på at det lenge har vore eit problem med for mange rein i delar av Finnmark. I 2012 var det cirka 42.000 fleire rein i Finnmark enn det som var fastsett som berekraftig. Reindriftsstyret påla derfor alle distrikt som hadde for høgt reintal, å redusere til eit fastsett nivå.

Størst nedgang i talet på rein frå 2013/2014 til 2014/2015 har det vore i Vest-Finnmark reinbeiteområde der reintalet vart redusert frå 95.900 til 80.400.

– No har vi eit reintal som er betre i samsvar med beitegrunnlaget, seier Jon Georg Dale.

Han seier at 2015 var eit godt år for reindriftsnæringa.

– Kalvetilgangen har vore god, slaktemengda har auka samtidig som prisane har vore høgare enn på mange år, seier Dale. (©NPK)

Til toppen