POSITIVT: Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane fortel om ei positiv utvikling på arbeidsmarknaden. Pressefoto
POSITIVT: Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane fortel om ei positiv utvikling på arbeidsmarknaden. Pressefoto

Nedgangen i arbeidsløysa held fram

Sogn og Fjordane er eitt av tre fylker med best utvikling.

Sogn og Fjordane: – Reduksjonen i arbeidsløysa held fram også i september. Med ein reduksjon på -14 prosent er vi saman med Nord-Trøndelag og Telemark fylka med størst nedgang i landet frå same månad i fjor. 

Det fortel Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding. 

Arbeidsløysa i fylket utgjer no 872 personar, tilsvarande 1,5 prosent og igjen klart lågast i landet.

Ti prosent auke i tal stillingar

– Denne fine utviklinga vert bekrefta av god stillingstilgang også denne månaden med ein auke på ti prosent.  Ettersom september gjerne er den månaden i året med lågast arbeidsløysa er ikkje dette uventa.  Vi har om lag 100 fleire på tiltak enn i fjor og dette bidreg monaleg til dei låge tala vi registrerer i dag, og framover kan vi forventa at tala aukar noko, fortel Henden.  

Også på landsnivå er det nedgang i arbeidsløysa – 1 prosent ned frå førre periode, noko som tilsvarar 1 110 personar.  Talet på ledige i landet er no 78 513.  I september er det berre dei tre andre vestlandsfylka og Vestfold att i landet som framleis har auke i arbeidsløysa, men også hjå dei er auken klart på veg nedover.  

Arbeidsløysa på kysten er uvanleg låg med Flora (2,7%), Bremanger (2,4%), Vågsøy (2,0%) og Selje (2,0%). Dette er ein følgje av høg aktivitet innan fiskeindustrien med svært få permitterte. 

Kommunane med aller lågast arbeidsløyse er Gloppen, Aurland, Vik, Leikanger og Solund med under ein prosent.

Færre langtidsledige

NAV har registert 356 nye stillingar i september, noko som er ein auke på ti prosent frå i fjor. Helse, pleie og omsorg er den klart største gruppa med 120 stillingar. –

– Mange av desse stillingane krev faglært personell og det er liten tvil om at særleg kommunane våre har vanskar med å få nok kvalifiserte søkjarar, seier Henden. 

Også innan bygg og anlegg og industri har vi mange stillingar ledige med til saman 75 nye i september.  Når ein i tillegg veit at ein stor del av rekrutteringa her skjer utan utlysing ser vi at behovet for nye tilsette er omfattande.  

Talet på personar som har vore ledige meir enn 26 veker er redusert frå 247 i september i fjor til 225 no.

–Dette er sjølvsagt positivt, men denne gruppa utgjer framleis 25 prosent av alle ledige. På landsnivå utgjer dei langtidsledige 28 prosent noko vi skal ligge godt under, avsluttar Henden.

Til toppen